image description

 

Grunnlaget for årets jordbruksforhandlingar blir lagt i desse dagar. I ein kommentar til Bondevennen, seier bondelagsleiar, Nils Bjørke, at Bondelaget har merksemd på å sikre økonomi og produksjonsevne. Nok ein rapport frå FNs klimapanel varslar dystre utsikter for verdas matproduksjon. Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i Agri Analyse, uttalar til Bergens Tidende at rapporten er ei oppskrift på hungersnaud om vi legg ei pessimistisk tolking av rapporten til grunn.

Berekraft handlar både om å ta vare på naturgrunnlaget, men også om måten maten blir produsert på. Industrilandbruket, som forsyner verdsmarknaden med matvarer, er spesialisert og sårbart. Utan innsatsfaktorar frå A til Å vil det raskt kollapse. Men enn så lenge er det ein effektiv måte å produsere billeg mat i store volum. Omgrepet berekraftig utvikling blei for alvor sett på dagsorden då Brundtland-kommisjonen i 1987 la fram rapporten Vår felles framtid. Med berekraftig meiner vi ei utvikling som tilfredsstillar behova til dagens generasjon utan å øydelegga høvet for komande generasjonar til å få dekt sine behov. Omgrepet omfattar både økonomisk berekraft, berekraft for miljøet og sosial berekraft, men kanskje omgrepet er aller mest relevant for produksjon av mat. Jordbruk savtalen har sjølvsagt merksemda på det korte perspektivet. Den norske bonden driv i ei politisk næring, men er sjølvstendig næringsdrivande, og ein del av det økonomiske systemet vi alle lever under. Forfall på kraftfôrrekninga, renter og avdrag må møtast med sunn likviditet og overskot i drifta. Då norsk jordbruk er avhengig av tollskjerming og budsjettoverføringar, er bonden avhengig av dei rammevilkåra som politikarane set. Med ulike regjeringar og politiske ideologiar er det, over tid , krevjande å leve på politisk ”goodwill”.

– I tillegg til å sikre bøndene ei tilfredsstillande inntekt, er Bondelaget opptekne av berekraft og sjølvforsyning, uttalar bondelagsleiar Bjørke. Her kjem det lange perspektivet inn. Vi må ha fleire tankar i hovudet samtidig; sikra økonomien i dag og sikra norsk matproduksjon og sjølvforsyning i framtida. Det siste er like avhengig av politisk aksept og forståing som det første. Men også dei som steller med forsking og utvikling må i tillegg til næringa sjølv visa veg til ei berekraftig utvikling.
– Norsk landbruk er gull verd og kjem til å stige i verdi, sa stortingsrepresentant Terje Breivik (V), på årsmøtet til Hordaland Bondelag nyleg. Og han heldt fram; – Norsk matjord har ein formidabel rolle og verdi. Dette er konstruktiv tenking som gir politisk ryggdekning for ei berekraftig utvikling av norsk matproduksjon og vi vonar at venstrepolitikaren har eige parti og det norske folket i ryggen bak sine utsegn.

Vi trur at stortingsfleirtalet ser at det korte og det lange perspektivet er gjensidig avhengig av kvarandre, og at vår felles framtid må tuftast på ei berekraftig utvikling av norsk matproduksjon. Då er det ikkje sikkert at gårsdagens løysingar er svaret på morgondagens utfordringar.

Norsk jordbruk kan, på kort sikt, leggja om kursen og tilby forbrukarane endå billegare mat ved å auka kornimporten, hevja konsesjons- og kvotegrensene og ytterlegare sentralisere husdyrproduksjonane. Og om ikkje det er nok, kan ein svekka importvernet og forsyne seg av matvarene som blir tilbudd på verdsmarknaden. Men den kursendringa er verken berekraftig eller offensiv i høve til framtidas utfordringar.

 

Eirik Stople