bv12_fag1a

Det er to grunnar til sporar i fôret, anten er dei produsert i silomassen via feilgjæring eller så er fôret forureina ved innhaustinga av graset.

Ingrid Haug, Fagleder TINE Rådgiving og Medlem
Ingve Dubland, Fagrådgjevar TINE Rådgiving og Medlem, Sør

Etter ei tid utan sporeverdiar i betalingsregelverket, er dei tekne med igjen frå nyttår. Vi har med det fått større fokus rundt sporar, analysar og eventuelt trekk for sporar i mjølkeoppgjeret. Tine har innført eit prøveuttaksregime som har til mål å halda sporenivået på eit lågt nivå. Vidare vil vi gje bonden eit verktøy slik at han, gjennom gode rutinar og raske tiltak, kan produsera mjølk utan høge nivå av sporar.
Ved oppfølging etter påvist høg eller middel sporeprøve, skal bonden ha oppfølgingsprøve på sporar ved kvart prøveuttak, opptil fire gonger i månaden. Dersom resultatet på oppfølginga syner låg eller ingen, vert dette teljande for månaden og oppfølginga stopper. Det skal bare vere ein teljande prøve på sporar i månaden. Det er den siste prøven som gjeld. Systemet gjev den enkelte bonde god oversikt over utviklinga og gir mulegheit for å betra resultatet frå høg/middel til låg/ingen innanfor månaden. Felles for alle utfordringar med (anaerobe) sporar, er sporar i surfôret, og fokus må rettast mot å få til eit fôr utan for høgt sporeinnhald. Vi vil ta for oss forhold som verkar inn på sporemengde i fôret og drøfte resultata frå sporeprosjektet til Tine Sør.

Sporefri mjølk – legg grunnlaget nå

Sporar i mjølk er sterkt uønskt då det kan forårsake redusert produktkvalitet på Tine sine merkevarer. Kjelda til anaerobe sporar i mjølk er i all hovudsak grovfôr som er forureina med jord/husdyrgjødsel. Det er difor god grunn til å ha merksemd på gjødselspreiing, og rutinar rundt grashausting/ensilering. Har ein hatt problem med sporar i mjølka, vil husdyrgjødsla innehalde store mengder sporar. Husdyrgjødsel på eng bør spreias til rett tid og under ideelle vêrforhold. Graset bør være i vekst, men det må ikkje vera for langt slik at gjødsla blir hengjande på bladverket. Ideelle vêrforhold er overskya under spreiing, og regn like etter at gjødsla er spreidd. Gylle er betre enn fastgjødsel. Ideelle vêrforhold under hausting er sol og tørt klima. Mykje nedbør fører til auka fare for å få med seg sporar inn i siloen. Ved ujamn jordoverflate, er det stor fare for å forureina graset ved innhausting. For å unngå å få jord med inn i siloen, bør ein stubbe graset minimum 10 cm over bakken. Stubbehøgda er og avhengig av vêrforholda. Våte innhaustingsforhold krev høgare stubbing enn om det er tørt. Best resultat oppnår ein ved å hauste på tørre dagar og med lett utstyr.
Etter at graset er kome i siloen/rundballen er det viktig at forholda er slik at smørsyrebakteriane taper i kampen mot mjølkesyrebakteriane. Smørsyrebakteriane trives best i fuktig masse med relativt høg temperatur og tåler dårlig surt miljø (veks ikkje ved lågare pH enn 4,2). Fortørking kan være gunstig dersom dette kan skje uten fare for økt innblanding av jord og husdyrgjødsel.
Pass på at det ikkje oppstår varmgang ved ilegging og sørg for at massen blir tilstrekkelig sur så raskt mulig. Rask ilegging, god pakking, tett plast og bruk av ensileringsmiddel er dei viktigaste tiltaka. God gjæringskvalitet er viktig for å unngå smørsyregjæring og med det dårlig fôrkvalitet. Men sjølv med god gjæringskvalitet, kan fôret innehalde mykje sporar om det har blitt forureina med jord/gjødsel under innhausting.
Profesjonelle maskinentreprenører utfører ein stadig større del av grashaustinga. Ved kjøp av tenester bør bonden sette tydelige kvalitetskrav til entreprenørane. Stikkord her er bl.a. stubbehøgde, rett type og mengde ensileringsmiddel og talet på lag med plast. Gode rutinar under våronn og innhausting legg grunnlaget for god mjølkekvalitet.

Figuren viser innhald av smørsyrebakteriar (blå søyle), bacillussporar (rød søyle) og smørsyresporar (grøn søyle) i grovfôranalysane sesongane 2011 og 2012. Resultata viser at prøvar som har god gjæringskvalitet (lite smørsyrebakteriar), likevel kan ha høgt innhald av innhald av smørsyresporar.

Figuren viser innhald av smørsyrebakteriar (blå søyle), bacillussporar (rød søyle) og smørsyresporar (grøn søyle) i grovfôranalysane sesongane 2011 og 2012. Resultata viser at prøvar som har god gjæringskvalitet (lite smørsyrebakteriar), likevel kan ha høgt innhald av innhald av smørsyresporar.

Fôrprøver med hygieneprøve

Mengde mjølk produsert i besetningar med mjølkerobot er stigande, og ved robotmjølking er det særleg viktig å produsere surfôr utan sporar. Figuren nedanfor, som er henta frå hygieneprøvar tekne i sporeprosjektet som TINE Sør har utført dei to siste åra, dokumenterer at hovudutfordringa er sporar tilførd under hausting.
Kvar prøve, er synt med 3 streker (verdiar), blå for smørsyreinnhald (skal vera under 4 g/kg tørrstoff), raud for bacillus (skal vera under 4 log) og grøn for smørsyresporar (skal vera under 1,2 log).
Prøvane representerer 29 bruk. Når ein ser på smørsyre (dei blå søylene), så er ingen av prøvane over grensa på 4 g/kg tørrstoff. Alle desse prøvane får dermed “godkjent som fôr med liten risiko for sporar” ut frå tradisjonell vurdering. Dette er den analysen som er mest nytta og som dei aller fleste i dag får for sitt surfôr (inngår som ein del av gjæringspakken). Ser vi på smørsyresporar (dei grøne søylene), er heile 15 av dei 29 analysane over grensa på 1,2 log og representerer eit utfordrande fôr med omsyn til sporar i mjølk. Dette er særs utfordrande for dei med mjølkerobot. Prøvane er tatt i to forskjellige dyrkingsår, og viser at situasjonen var omtrent lik dei to åra. Konklusjonen er at mykje av det grovfôret som er eit godt produksjonsfôr, likevel er årsak til at mange får påvist sporar i mjølka. Me må kalle ei spade for ei spade, og vere samde med kvarandre om at her må det setjast inn sterkare fokus på dei faktorane som me veit påverkar resultatet, sjølv i ei tid med fokus på fart og effektivitet. Dersom vi ikkje får til eit fôr med god kvalitet på alle parameter, vil me slita med å levera mjølk som oppfyller alle kvalitetskriteria til eit godt råstoff.
Det viktig med eigne rutinar, men det er særs viktig å diskutere og stille krav til alle entreprenørane som de nyttar.
Ein annan faktor i nemnte prøvar, er dei raude søylene som er bacillus sporar, såkalla sommarsporar. Desse sporane skuldast ofte forureining av jord frå opptrakking av beite. Når mange av prøvane i silofôret viser høge verdiar her, indikerer det og jordinnblanding i fôret.
Vi kjem tilbake til temaet i fagmøte med TINE Rådgiving og i samarbeid med Landbruksrådgivinga.

Situasjonen i 2014

Dei fleste produsentar er veldig opptekne av å levera eit kvalitetsråstoff. I løpet av dei to første månadane i 2014 ser vi at svært mange av dei som har fått påvist ein høg sporeprøve har kome seg ut av problemet. Dersom vi ser på bruka med mjølkerobot, har omlag 50 produsentar fått påvist høg sporeverdi ein månad, men bare ei handfull har påvist høg i begge månadane.
Det syner at mange har lukkast med å arbeida seg ut av denne situasjonen med målretta tiltak.
Ta kontakt med Tine Rådgjevar dersom du ønskjer gode råd mot sporar i mjølka.

Stikkord denne saka: , ,