Liv Kristin Sola
Haugen vart spurt om å leie eit forprosjekt på klima, som i september skal gå over i eit treårig hovudprosjekt. Prosjektet har som mål å hjelpe bøndene med å redusere klimaavtrykket på garden – utan at det går ut over produksjonen.
Det er partnarskapen i Vestland; statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge, som står bak, men det er Vestland Bondelag som eig forprosjektet.
Kartlegging og samarbeid
Haugen har eit breitt nettverk etter fleire år som lokallagsleiar, fylkesleiar i Hordaland, og andre nestleiar i Norges Bondelag. Erfaring som blir nyttig når ho skal legge til rette for det komande klimaprosjektet. For Haugen blir det viktig å få ei oversikt over tiltak som er gjort så langt og legge ein strategi vidare.
– Landbrukets klimaplan involverer heile landbruket, ikkje berre bondelaget. Derfor er det viktig å samle troppane; samvirka, interesseorganisasjonane og faglaga til dei ulike produksjonane, for å klarlegge korleis dei tenker og kva planar dei har, seier Haugen.
Ho innrømmer at kongstanken er at bonden skal få éin stemme å halde seg til i klimaspørsmål, ikkje ein frå kvar organisasjon.
– Då kan me kome langt, seier Haugen.
Tida går. Vi må holde motivasjonen oppe og vise at vi kan kutte.
Mykje av tida fram til september skal Haugen nytte til å sikre finansiering for hovudprosjektet. For det er ikkje bøndene som skal betale.
– Me må klare å finne finansiering også utanfor landbruket. Klima er heilt overordna og landbruket er viktig for å nå nasjonale klimamål, seier Haugen.
Ho legg ikkje skjul på at bøndene vil få nok å gjere når ulike klimatiltak skal på plass. Difor blir det viktig å engasjere rådgivingsapparatet slik at bonden får gode råd på vegen.
– Eg håper me kan involvere dyktige bønder som gjer tiltak på sitt bruk slik at me kan løfte fram døme på kva som er mogleg, seier Haugen.
Framoverlena på klima
Det finst klimaverktøy for landbruket, men mykje av det som er gjort av forsking og utprøving er dårleg tilpassa Vestlandet, skal me tru Haugen. Til dømes klimakalkulatoren.
– Skal den ha effekt må det ligge til grunn eit jordsmonnskart. Det har vi lite av her i vest. Heller ikkje beitebruk er inkludert i klimakalkulatoren. Når det kjem på plass blir det ein positiv effekt for Vestlandet, seier Haugen.
Ho oppmodar likevel vestlandsbøndene til å ta i bruk klimakalkulatoren, ikkje minst for å synleggjere forbetringspunkt slik at den kan bli eit nyttig verktøy i framtida.
– Det er viktig å ha god framdrift. Tida går. Vi må holde motivasjonen oppe og vise at vi kan kutte, seier Haugen.