Stopp eller sats? Mange vil investera for å møte lausdriftskravet, men midlane frå Innovasjon Norge byrjar å ta slutt. Foto: Illustrasjonsfoto
I fjor var IN-midlane brukt opp før sommaren. I år kan det bli tomt til påske. - Situasjonen er krevjande, men samstundes er det svært positivt at så mange vil investere, seier Ole-Andreas Smette i IN Vestland.
Liv Kristin Sola
I førre veke melde Bondevennen om stor pågang av søknadar til Innovasjon Norge sitt kontor i Rogaland. Finansieringsrådgivar Olav Tegle kunne betalt ut heile potten på rundt førti millionar allereie etter første veka i januar, dersom han hadde godkjent alle søknadane han hadde fått på bordet.
Ein telefonrunde til IN i Agder og Vestland viser at situasjonen der er likeeins. Både Lilly Kristine Berland i Agder og Ole-Andreas Smette i Vestland har nok annonserte prosjekt til å kunne bruke heile potten.
Les også:
IN druknar i søknadar
Krev investeringspakke for mjølk
– Skeivt fordelte midlar
Gledeleg auke
Lilly Berland er varsla minst femten mjølkebruk som truleg vil søke tilskot i år.
– Har du pengar til desse?
– Nei, truleg ikkje, seier Berland.
– Vi har kring tretti millionar i potten. Det skal rekke til meir enn mjølk.
Mjølkebøndene i sør har vore avventande. Økonomien i prosjekta har vore for dårleg, men etter mange kompromiss og kutt inn til beinet, er det no fleire som er klar til å investere, gitt at dei får tilskot.
– Då må vi klare å følgje opp, seier Berland.
– Kva tenker du om at Stortinget gjer eit vedtak om lausdriftskrav, for så utfordre fellespotten og på mange måtar seigpine prosessen dei neste ti åra?
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.