Etter ein langvarig nedgang i mjølkekonsumet, stabiliserte etterspørselen seg i 2013. – Auka befolkning gir utslag i auka forbruk, fortel direktør for faste produkt i Tine, Kjetil Thu. – Sjølv med tunge investeringsprosjekt, og meirkostnadar i forhold til budsjett, kom Tine ut med eit tilfredsstillande resultat for 2013, fortel direktør Kjetil Thu.
– Korleis kom Tine ut økonomisk i 2013?
– Tine auka omsettinga frå totalt 19,8 milliardar til 20,4 milliardar, som tilsvara 3 prosent auka omsetting frå 2012 til 2013. Vekst i salet av ost, med særleg positiv utvikling for Norvegia og Jarlsberg, medverka positivt. Ferskost, jfr. proteinrike ostar som cottage cheese og yoghurt segmentet er også i auke. Elles er det særs viktig for økonomien i konsernet at forbruket av konsummjølk, etter mange år med nedgang, ser ut til å stabilisera seg. Salet av konsummjølk viste ein liten auke på 0,15 prosent i 2013. Årsresultatet var 948 millionar i 2013 mot 934 millionar i 2012. Før etterbetaling var gjennomsnitt pris for kumjølk 4,65 kroner per liter. Med ei etterbetaling på 26 øre per liter blir gjennomsnittsbetalinga for kumjølk 4,91 kroner per liter. Tilsvarande tal for 2012 var 4,79 kroner, altså ein auke i mjølkeprisen på 12 øre per liter.
– Kva er status for Tine Meieriet Jæren (TMJ) i Kviamarka?
– På sikt er TMJ ei god investering, sjølv om vi har hatt utfordringar i oppstartperioden. Vi erkjenner å ha undervurdert ressursbehovet til teknisk ferdigstilling og organisasjon. Teknisk driftsstabilitet og kontroll på dei biologiske prosessane har vore utfordrande. Vi må ha full kontroll over alle forhold for å sikre kvalitet og leveringsevne. Sjølv om vi hadde erfarne folk, har det vist seg å vera behov for meir opplæring når vi skal ta i bruk nye rutinar og ny teknologi. Produksjon av smør og margarin er i samsvar med plan og har gått for fullt i to år. Myseavdelinga er gradvis trappa opp og er i tilnærma full produksjon. Kvitostproduksjonen ligg på 75 prosent av forventa produksjon. Produksjonen av Jarsberg på Nærbø er planlagt avslutta i september 2014. I anlegget på Kviamarka tek vi nå imot 3,2 millionar liter mjølk i veka. Det betyr at ysteriet, alt i dag, er størst i Norge. Kostnadane med forsinka nedlegging av dei gamle meieria, tilleggskostnader og oppbygging av kompetanse er kalkulert til 70 millionar kroner over budsjett, samla for 2012 og 2013.
– Er feittprosenten i mjølka tilfredstillande?
– Vi hadde ikkje import av smør i 2013, og prognosen for 2014 tilseier at vi har ei grei forsyning av feitt. Vi kan konstatere at bøndene har respondert positivt på behovet for meir smør. Ser vi på innhaldet av feitt i kumjølk frå 2011 til 2013 har vi hatt denne utviklinga:
2011: 4,09 prosent feitt
2012: 4,11 prosent feitt
2013: 4,19 prosent feitt
Auken i feittinnhald gir grunnlag for å sikra leveransen av smør og representerer 20 prosent av ordinært smørsal i Norge.
– Kva med dei industrielle utfordringane framover?
– Nå gjeld det å få ei stabil drift på dei nye anlegga i Oslo, på Jæren og i Trøndelag. Med desse nye anlegga har vi lagt grunnlaget for styrka konkurransekraft. Nå er utfordringane å ta ut effektane av investeringane og å bygga ein endå sterkare organisasjon. Det er sett i gang eit omfattande forbetringsprosjekt, med mål om å styrke konkurransekrafta og forbetra resultatet med 750 millionar over 2 år gjennom kontinuerleg forbetring i konsernet, avsluttar Kjetil Thu.