Stor pågang: Olav Tegle i IN Rogaland fryktar at bønder gir opp undervegs. – I verste fall går det ut over rekrutteringa til landbruket generelt, seier han. Foto: Istock
Ei veke ut i det nye året har Olav Tegle i IN Rogaland fått femti søknadar om investeringsstøtte på bordet. – Eg fryktar me kan gå tom for pengar til påske, seier Tegle.
Liv Kristin Sola
– Hadde me godkjent alle prosjekt me har fått inn til no, hadde me brukt heile potten for i år, seier Olav Tegle, finansieringsrådgivar i Innovasjon Norge Rogaland.
Dei femti prosjekta som har kome inn til no har søkt om totalt førti millionar kroner i investeringsstøtte. Det er heile potten som Rogaland disponerer. Marsjordren er klar. IN skal prioritere ombygging frå båsfjøs til laudsdrift i mjølkeproduksjonen. Og dei skal prioritere bruk under tretti mjølkekyr. Det betyr at det blir høge utbetalingar til denne type prosjekt.
– I fjor var me tomme for pengar før sommaren. Det betyr at mange prosjekt ligg på vent og kjem inn frå desember. I år kan det bli tomt for pengar endå tidlegare, seier Tegle.
Olav Tegle
Femten av dei femti prosjekta er mjølkefjøs. Det er framleis rom for å sende inn søknadar, men du må ikkje vente for lenge.
– Me bruker januar og februar til å handsame mjølkebruk. Då må dei andre vente, seier Tegle.
Går ut over andre produksjonar
Tegle er uroa over situasjonen. Han ser at det går ut over andre næringar, spesielt i samband med generasjonsskifte.
– Rekruttering er viktig. Det er krevjande å sette mjølk opp mot unge bønder som skal etablere seg i andre næringar, seier Tegle.
Når det gjeld bygg til sau og ammeku, er det mest ikkje mogleg å få tilskot. Heller ikkje om det er bygg i tre. Men IN vil prøve så langt som råd å gi tilskot i samband med generasjonsskifte. Også tilleggsnæringar kan bli nedprioritert til fordel for mjølk.
– Dette blir verre og verre for kvart år. Einaste løysinga er at potten blir større, seier Tegle.
Han fryktar at bønder gir opp undervegs.
– Held me fram slik vil det gå ut over investeringane både i mjølkeproduksjonen og i andre næringar, inkludert tilleggsnæringar. Og i verste fall går det ut over rekrutteringa til landbruket generelt, seier Tegle.