image description

Kva skal til for at aktive bønder i dag framleis vil vera bønder om fem eller ti år og at rekrutteringa til næringa blir sikra? Tilfredsstillande rammevilkår, styrka driftsgrunnlag og eit godt fagleg miljø er vanlegvis svaret. Det er sjølvsagt rett, men det er ikkje heile sanninga.

Det er forska på temaet. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning) og Senter for kunnskap og likestilling (KUN) gjennomførte i 2011 eit forprosjekt om viktigheita av at ektefelle / sambuar involverer seg i gardsdrifta. Forskinga synte at ektefelle / sambuar til den aktive brukaren deltek meir enn venta, men på andre måtar enn tidlegare.
Vel så viktig som praktisk arbeid kunne det vera at ektefelle / sambuar medverka med moralsk støtte, og viste interesse og forståing for kva det er å driva gard. Aktiv deltaking i prosessane fram mot avgjersle er trekt fram som ei viktig involvering. Pilotprosjektet blei følgt opp av eit meir omfattande prosjekt av dei same forskingsinstansane, og i 2013 kom rapporten: Er bonden alene? Betydning av ektefelle/samboeres involvering på gårdsbruket.

Nemnde institusjonar undersøkte sentrale spørsmål som: Kva betyr partnars involvering på garden med tanke på stabil drift, utvikling til tilleggsnæring, rekruttering og motivasjon? Det bør få konsekvensar at rapporten stadfestar funna i pilotprosjektet. Partnars involvering betyr mykje og involvering betyr meir enn reint praktisk arbeid på garden. Når ektefelle / sambuar og drivar samarbeider godt, snakkar og utviklar idear saman, ser dette ut til å vera ein utløysande faktor for at idear og planar blir realiserte.

Tal timar som barn under 18 år deltek i gardsdrifta, syner ein klar nedgang. Med ein aktiv partnar tyder undersøkinga på at barna deltek meir aktivt, og at partnars påverknad er større enn brukarens. Andre undersøkingar syner, ikkje overraskande, at det er ein klar samanheng mellom å ha delteke i gardsdrifta som ung og ønskje om å ta over i vaksen alder.

Kvinner eig i dag kvar fjerde landbrukseigedom, og i mange tilfelle eig dei garden saman med mannen.
– Likevel er det ein gjennomgåande praksis at landbruket sitt rådgjevingsapparat vender seg til hovuddrivar, som ofte er mannen, sjølv om kvinna sitt økonomiske bidrag kan vera ein føresetnad for vidare drift og investeringar på garden, les vi i rapporten. Undersøkingar omkring tilleggsnæringar som gardsturisme og mat, viser at dette i stor grad er eit fellesprosjekt for landbruksparet, men at kvinna har ein leiande rolle i etablering og drift.

Rapporten stadfestar at det er eit viktig kjenneteikn ved det norske landbruket, at familien og ikkje bare den aktive parten, i ulik grad og på ulike måtar er involvert i gardsdrifta. Vi får ei viktig påminning om at involvering frå heile brukarfamilien er avgjerande for utvikling og rekruttering i landbruksnæringa.

 

Eirik Stople