Nettverkarar: Arne Sæbø, styreleiar i Landbruksparken på Særheim, på skjermen Hilde Uppstad, seniorrådgjevar i Næringsseksjonen i Rogaland Fylkeskommune, og dagleg leiar i Rogaland Landbrukspark og prosjektleiar i Rogaland biogassnettverk, Helga Hellesø.

Eit nytt regionalt nettverk vil samla bønder og andre interesserte for å få gang på ei tiltrengt biogass-satsing i Rogaland.

Bothild Å. Nordsletten

– Mykje står på spel. Ei skikkeleg biogass- satsing vil vera avgjerande for å sikra bonden si drift, matproduksjonen og alle arbeidsplassane knytt til jordbruket i Rogaland.

Helga Hellesø underslår ikkje alvoret dersom det husdyrtette fylket ikkje er budd den dagen ei ny og strengare gjødselvareforskrift kjem på plass.
Hellesø er i tillegg til jobben som dagleg leiar i Rogaland Landbrukspark, også prosjektleiar i det nye Rogaland biogassnettverk.
Målet til nettverket er å samla trådane i det som til no, for mange, har framstått som ei litt forvirrande mengd av større og mindre enkeltsatsingar i fylket. FKRA, Tine, Nortura, Ivar og Lyse er berre nokre døme på dei mange aktørane som er undervegs med ulike prosjekt.

Ein støttespelar

Nettverket ønskjer å hjelpa bønder, forvalting og kommersielle aktørar som vil etablera biogassrelatert verksemd. Kutt i klimagassar frå gjødsel, teknologiutvikling og lønsemd, er viktige stikkord.
Det er Rogaland Fylkeskommune som tok initiativet til nettverket, so no er i ferd med å etablera seg. Kommunane Hå, Klepp, Stavanger og Vindafjord er med på laget. Så òg NIBIO på Særheim, som i tillegg til husdyrgjødsel, forskar på korleis også biorestar frå fiskerinæringa kan utnyttast betre.

– Me må finna løysingar for den fosforrike bioresten (tørrdelen etter separering av gjødsla, journ. merk.), seier Arne Sæbø, styreleiar i Landbruksparken og stasjonsleiar for NIBIO Særheim.

– Og så må me bli betre på å resirkulera og laga eigne produkt av næringsstoffa våre, produkt me kan eksportera både til Austlandet og utlandet.

Prosjektleiar Hellesø fortel at nettverket vil etablera ein digital samarbeidsplattform og ei eiga Facebook-side der interesserte kan finna relevant informasjon, svar på spørsmål og halda kontakt med andre aktørar. Utpå nyåret blir det også dialogmøte og idéverkstad, fysisk eller digitalt.

Rogaland spesielt

For å få gang på satsinga, ønskjer nettverket å få med så mange interesserte som mogleg. Ikkje minst bøndene sjølv. Hellesø, Sæbø og Hilde Uppstad, seniorrådgjevar i Næringsseksjonen i Rogaland Fylkeskommune, understrekar at det er viktig å finna heilskaplege løysingar, tilpassa lokale forhold.

– Med så mykje husdyr og gjødsel, er Rogaland i ein spesiell situasjon, seier Uppstad.

– Me byrjar å få fleire knivar på strupen, her. Dette handlar om å sikra framtida til jordbruket i fylket.

Ho har tru på at nettverket vil lukkast med å gira opp biogass-satsinga.

– Me har kome til eit anna stadium enn før. Regjeringa har mål om å produsera biogass av 30 prosent av husdyrgjødsla. Eit verktøy for utrekning av klimanytten til biogass er undervegs. Biogass er i vinden, meir enn før.

Arne Sæbø håpar me ser eit stort biogassanlegg i fylket innan fem år.

– Ja, det håpar eg inderleg. Me er nøydde til å få det til.

For meir informasjon: kontakt Helga Hellesø på landbruksparken@gmail.com eller på www.rogfk.no eller tlf. 932 67 203

Biogass-aktørar i Rogaland

Biogass konsortium
Jæren Biopark
Biotek Rogaland AS
Jæren Biogass AS
Bioenergi Finnøy AS
Klepp biogass AS
Biogrønn AS
Biovind AS

Kjelde: Helga Hellesø, Proff.no. Med atterhald om at lista ikkje er uttømande.

Stikkord denne saka: