Nærslekta: Engsvingel utgjer ein tredjedel av strandsvingelarten, men sortsutvikling gir oss sortar tilpassa ulike dyrkingsområde av begge artane. Strandsvingel- er større enn engsvingelplantene, mellom anna i akset. På beitestadiet kan artane skiljast på bladøyrene, sjå innringa del i dei to figurane. Figurar er henta frå «Grasses» av Hubbard

Strandsvingel kan erstatta engsvingel i frøblandingar, men engsvingel bør likevel ikkje forsvinna frå norsk grovfôrdyrking.

Liv Østrem og Tor Lunnan, NIBIO

Strandsvingel kan erstatta engsvingel i frøblandingar. Arten har bra overvintring og avling, og det skjer mykje utviklingsarbeid for å laga såkalla mjukblada sortar med betre fôrkvalitet. I område med tre slåttar tek strandsvingel over ledig plass etter timotei. Så langt har ein ikkje sett sjukdomsangrep på bladverket. Engsvingel bør likevel ikkje forsvinna frå norsk grovfôrdyrking. Kanskje treng denne arten ei nytenking når det gjeld sortsutvikling for å få inn meir sjukdomsresistens. Me må også gi meir plass til engsvingel i frøblandingane våre.
Ved bruk av frøblandingar skal artar og sortar utfylla kvarandre i tid, altså gjennom sesongen og over år. Dei skal også utfylla kvarandre i rom, altså at artane skal utfylla vekserommet både under og over jordoverflata. Dette skjer ved å blanda artar med ulik rotlengde, plantehøgde o.s.v. I ei vanleg norsk frøblanding er det mest timotei, deretter engsvingel, og andre artar i varierande mengde. Timotei etablerer seg raskt, og når denne går ut, skal engsvingelplantene ta over plassen. For kløverartane gjeld tilsvarande at raudkløver etablerer seg raskt, og kvitkløver tek meir plass etter kvart. Teorien stemmer ikkje alltid og slett ikkje her. Ved registrering av kva som finst i eng av ulik alder, har ein sett at det er svært lite engsvingel att i eng eldre enn tre år (Lunnan og Todnem 2017). I staden for engsvingel er det særleg kveka som tek den tomme plassen i enga når timoteien går ut.

Kvifor forsvinn engsvingelen i enga?

Engvekstane har svært ulik frøstorleik. I frøblandingar er prosenten av ulike artar knytt til vekt av total blanding. Tusenfrøvekta (vekta av tusen frø) for timotei er ca 0,5 gram og for engsvingel ca. 2 gram. Ei frøblanding av timotei (80 prosent) og engsvingel (20 prosent) vil på grunn av den ulike tusenfrøvekta, vera svært dominert av timotei i attlegget. Truleg så mykje at mange engsvingelplanter ikkje klarar konkurransen frå timotei, til tross for større nistepakke i dei store frøa. Det er viktig at engsvingel eller andre artar som med åra skal auka i omfang, også får gode vekstvilkår i etableringsfasen. Etter overvintring har ofte timotei større vekstkraft enn engsvingel frå våren og kan dominera i førsteslåtten. I gjenveksten kjem engsvingel sterkare.
Engsvingel toler beiting betre enn timotei både vår og haust. Konkurranseevna mot kveke og andre artar ser derimot ikkje ut til å vera betre for engsvingel enn for timotei. Engsvingel er også utsett for bladsjukdommar i gjenveksten. Bladsjukdommar er venta å auka med mildare vintrar og lengre vekstsesong. Sjukdommar som lenge har vore kjende lenger sør i Europa, vil også nå norsk landbruk. Sjuke planter blir svekka, og dette kan gå utover produksjon og overvintring.
Forsøk i Danmark har vist at norske engsvingelsortar har svært låg motstandsevne mot kronrust, ein av dei store bladsjukdommane lenger sør. Norsk grasforedling må framover i langt større grad inkludera sjukdommar i vekstsesongen i utviklingsprosessen. Det kan vera ukjende sortsskilnader her, og me veit heller ikkje kor langt mot nord me ser bladsjukdommar i eit visst omfang.
Det har til dels vore vanleg med ugrassprøyting i eng seint i sesongen. Engsvingel er generelt utsett for midlertidig veksthemming ved sprøyting. Forsøk med ulike ugrasmiddel om hausten i timotei-engsvingeleng, viste ikkje berre veksthemming, men direkte utgang av engsvingel i enga neste vår og ved førsteslått (Synnes 2019).

Strandsvingel kan erstatta engsvingel i frøblandingar

Strandsvingelsortane ‘Kora’ og ‘Swaj’ kom inn på den norske sortslista etter gode resultat i den offisielle verdiprøvinga (Nesheim og Langerud 2012, 2013). I prøvinga viste strandsvingel klart høgre avlingspotensial enn engsvingel. Spesielt var andreslåttsavlinga høg. Fôrkvaliteten låg litt under engsvingel i andreslåtten, men innhaldet av vassløyseleg karbohydrat var høgt. I forsøk i fjellbygdene viste strandsvingel god lammetilvekst etter beiteforsøk vår og haust. Ein konkluderte med at arten burde prøvast ut i frøblandingar som eit alternativ til timotei- engsvingel (Todnem og Lunnan 2017). Ein pågåande forsøksserie i Norsk landbruksrådgiving viser at strandsvingel gav klart høgre tørrstoffavling enn engsvingel i andre engår. I denne forsøksserien er det felt i store delar av landet, og felta skal etter planen haustast i fire engår.

Lengda på vekstsesongen påverkar engvekstane

I forsøk med timoteibaserte frøblandingar med anten engsvingel eller strandsvingel (begge 25 prosent av frøvekta) i tillegg til engrapp og kløver, verkar lengda på vekstsesongen å vera viktig. På Løken i Valdres (500 m.o.h.) var desse to frøblandingane svært like både i tørrstoffavling og fordøyeleg tørrstoffavling i middel for tredje engåret. På Fureneset (Sunnfjord, 10 m.o.h.) var strandsvingelblandinga 9 prosent og 11 prosent betre enn engsvingelblandinga for høvesvis tørrstoffavling og fordøyeleg tørrstoffavling. Noko av forklaringa finn ein i sorterte grasprøvar i førsteslåtten i tredje engåret. På Løken var det mest berre timotei i begge blandingane. Her verkar lengda på vekstsesongen å vera godt tilpassa timotei, med passeleg veksetid for timotei etter andreslåtten til reservelagring før innvintring. På Fureneset var det i dei same blandingane rundt 25 prosent og 65 prosent av høvesvis engsvingel og strandsvingel og tilsvarande 70 prosent og 30 prosent av timotei. Avlinga var ugrasfri begge stader. Når vekstsesongen blir lang nok til tre slåttar, verkar strandsvingel ha betre evne enn engsvingel til å ta plassen etter timotei, som har dårleg gjenvekstevne på seinsommaren.

Strandsvingel er ein konkurransesterk art

På Fureneset hausta me dei same frøblandingane to og tre gonger i sesongen i fire engår, mellom anna kommersiell frøblanding SU22 (StrandUnikorn). Når avlinga i førsteslåtten i fjerde engår vart sortert i dei ulike sådde artane, hadde timotei (sådd 50 prosent) auka litt og strandsvingel (sådd 30 prosent) minka litt ved to slåttar. Ved tre slåttar var det berre 20 prosent timotei i tørrstoffavlinga medan strandsvingelen utgjorde ca. 50 prosent. Ugras utgjorde her 10 prosent av treslåttsavlinga og berre 2 prosent av toslåttsavlinga. Tørrstoffavlinga etter to og tre slåttar var lik, 1150 kg ts per daa, og to og tre slåttar gav høvesvis 883 og 1015 fôreiningar per daa.

Nærslekta artar

Engsvingel og strandsvingel er nærslekta artar, så nærslekta at engsvingel saman med ein art som veks langt sør i Europa, arvemessig utgjer strandsvingel. Engsvingel har vore mykje brukt i Norden og har i titals år vore hovedarten etter timotei i norske frøblandingar. Strandsvingel har ein svært kort brukshistorie i Norge, men arten har vore ein viktig svingelart lenger sør i Europa. Den har også vore brukt i andre nordiske land. Strandsvingel kan også bli ein viktig grasart i norsk grovfôrdyrking.

Kjelder:

Lunnan T, Todnem J (2017) Enggransking i fjellbygdene i Sør-Noreg. 1. Botanisk samansetjing av fulldyrka eng. NIBIO-rapport 3(144), 20 s.

Nesheim L, Langerud A (2012) Resultater av offisiell verdiprøving i fôrvekster 2011. Bioforsk Rapport 7 (6).

Nesheim L, Langerud A (2013) Resultater av offisiell verdiprøving i fôrvekster 2012. Bioforsk Rapport 8 (6).

Synnes OM (2019) Medlemsskriv NLR Vest

Todnem J, Lunnan T (2017) Raigras og svingelartar under fjellbygdforhold. NIBIO Rapport 3 (19).

Stikkord denne saka: