Vanskelegare: Det blir vanskelegare å få løyve til massepåfylling på jordbruksjord. Denne haugen er ikkje meint til dette føremålet.
Sandnes kommune og Rogaland fylkeskommune stadfestar at det blir vanskelegare å få løyve til å nytte overskotsmasser til påfylling på landbruksjord.
Sjur Håland
Det er kommunane som får inn søknadar om massefylling og som skal behandla desse. Store prosjekt kan utløysa krav om reguleringsplan og i nokre høve også konsekvensutgreiing. Brit Jorunn Haslemo er verksemdsleiar i avdeling landbruk i Sandnes kommune. Ho stadfestar inntrykket om at det har blitt meir krevjande å få løyve til massepåfylling.
Komplekse saker
– Denne typen saker har blitt mykje meir komplekse dei siste åra. Det er mange omsyn som skal i varetakast i sakshandsaminga, og difor vil det opplevast at det har blitt strengare, seier ho.
Større massepåfyllinger skal helst vera i tråd med gjeldande regionalplan og vera i samsvar med kommuneplanen før det blir gitt løyve. Haslemo held fram at dei på avdeling landbruk er opptekne av gode sluttresultat på massepåfyllingsprosjekta.
– Det inneberer også at påfyllinga ikkje skal vera til ulempe for naboane og at til dømes vassvegane ikkje blir leia i nye retningar. Me må hugsa på at dette er ganske store inngrep.
Haslemo er glad for at bøndene på Årsvoll, som Bondevennen skreiv om i førre utgåve, har fått eit sluttresultat dei er nøgde med. Det er ikkje tilfelle alle stadar, minner ho om.
– Det finnest også dei som av ulike årsaker ikkje er like nøgde. Me har sett at det ikkje alltid er massar som er eigna som blir brukt, at det har følgt med plastrøyr, asfaltrestar og liknande. Me har også sett at eit godt sluttresultat i nokre høve har vore heilt avhengig av at bøndene sjølve har vore til stades og følgt med under påfyllinga.
Vil heller gjenvinna
Steinar Eldøy er fagleiar i regionalavdelinga i Rogaland fylkeskommune. Eldøy fortel at Rogaland fylkeskommune har retta mykje merksemd mot utfordringane kring massehandtering siste åra og at dei arbeider i tråd med vedtak frå fylkespolitikarane for å få til eitt eller fleire sentrale mottaksanlegg for massar, der målet er størst mogleg grad av gjenvinning og gjenbruk. Fylkeskommunen har med støtte frå Miljødirektoratet sett i gang eit prosjekt for utgreia dette nærare. Prosjektet er ei oppfølging av regionalplanen for massehandsaming på Jæren, som blei vedteken av fylkestinget i 2017.
– Massedeponi eller tippar som ligg rundt forbi kan innebere naturinngrep, og det er heller ikkje alltid slik at desse overskotsmassane er bra for landbruket, seier han.
Fagleiaren peikar også på kvaliteten på massane som blir brukt, og faren for ureining.
Steinar Eldøy
– Det er ikkje til å stikka under ein stol at praksisen her har vore litt ymse. Det er ikkje berre reine massar som har blitt brukt opp gjennom åra, seier han.
Kulturminne og flaumfare
Fylkeskommunen har mellom anna ansvar for å ta vare på eventuelle kulturminne og å vurdera korleis vassdrag kan bli påverka av massedeponi og jordpåfylling.
– Fylkeskommunen er regional vassmyndigheit. Deponering på areal som ligg inn mot vassdrag, kan ha negative effektar i form av avrenning og påverknad av vassbalansen, seier han.
Det betyr blant anna at påfylling av masse på jord i nærleiken av vassdrag kan auka flaumfaren.
– Dette er med andre ord ikkje heilt enkle problemstillingar, seier han. Omsynet til bøndene sine ønskje om å arrondere jorda og betre dreneringstilstanden tel, seier han.
– Ved massepåfylling på landbruksjord er det viktig at det skjer i kontrollerte former, og at det fører til jordforbetring samstundes som det ikkje er til skade for andre interesser, seier Eldøy.