image description

 

– Redninga for landbruket er å ha ein tett allianse med middelklassen i byane, fekk vi høyre på årskonferansen til Norsk Landbrukssamvirke. Erling Dokk Holm frå Markedshøyskolen kritiserte det han kalla industrijordbruket og var tydeleg på at landbruket må tilfredstille byfolka sine behov.
– Det er bare ved å ha det breie lag av folket i ryggen at landbruket kan mobilisere ei politisk kraft, og einsidig fokus på volum og pris kan vippe i feil retning, var noko av bodskapen. Kva er så desse behova? Her vil det vera mange synspunkt og ingen enkeltsanning. Kanskje den viktigaste tilnærminga er at kunden alltid har rett. Det kan sjå ut som om bøndene, som samla næring, må ha fleire tankar i hovudet samstundes.
Det nåverande politiske regimet legg einsidig vekt på volum og pris. Vidare strukturrasjonalisering for å få endå billegare mat, er det som gjeld. Og når forbrukarane gjer sine val i butikkhyllene, går nok dei fleste etter pris, uavhengig av kva profesjonelle synsarar måtte meine. Utan det tradisjonelle jordbruket, medrekna store einingar, hadde vi hatt underdekning av norskprodusert mat. Om jordbruket ikkje maktar å fylle butikkhyllene med norsk mat til ein akseptabel pris, kan det gi grunnlag for å svekka importvernet. Når matproduksjon, med rom for både små og større produksjonseiningar, i tillegg produserer trygg mat og skårar høgt på dyrevelferd, blir det underleg å trekke i tvil om jordbruket tilfredstillar forbrukarane sine forventningar. Kanskje det likevel er mogleg å forsterke forbrukaralliansen ved å opne seg meir mot dei som står utafor næringa. Eit godt døme er Lauvnes Gartneri på Finnøy. Familien Vignes har opna gartneriet for busslaster med turistar, som får tilgang til eit ypparleg produkt og ei god oppleving på kjøpet. Det er å bygge alliansar.
I denne utgåvaav Bondevennen kan de lese om auka etterspørsel etter lokalmat og om lokalmat-produsentar som lukkast. Lokalmat-produsentane er normalt tettare på forbrukaren enn råvareprodusentane. Slik utgjer dei eit flott supplement til standardproduksjonen og er viktige alliansebyggarar mellom landbruket og folk utafor næringa. Lokal foredling gjer det mogeleg å behalda verdiskapinga lokalt, og kan slik vera ein døropnar for noko av det småskala jordbruket som strukturrasjonaliseringa er i ferd med å radere ut. Om lokalmat har potensiale for vekst, kan bare framtida gi svar på. Veksten kjem i alle høve ikkje utan tilført politisk næring.
Tilbakemeldingar frå Grüne Woche, den store landbruksmessa i Berlin, stadfestar lokalmat trenden. Dei norske lokalmat-utstillarane opplevde stor etterspørsel etter lokalt produserte produkt.
Ja takk, begge delar,, sa Ole Brumm. Vi trur at denne filosofien også gjeld for landbruket. Vi treng ein politikk for mangfaldet, både for å halde oppe matproduksjonen i heile landet, og for å tilfredstilla dei ulike behova til forbrukarane. Nasjonen har ikkje råd til å miste mangfaldet. Einsidig satsing på volumproduksjon og pris er ei politisk bjørneteneste.