Liv Kristin Sola
– Eg tek vare på det som er brukande av det originale tømmeret. Resten hentar eg i eigen skog og skjer/kappar til på saga, seier Tore.
For det er kortreist, både tømmeret, arbeidskrafta, kunnskapen og konstruksjonen.
– Eg kan hugse kjensla då eg i tenåra stod i smalhuset heime på garden og såg kor fint ting hang saman og korleis arbeidet var utført. Eg gløymer det aldri, seier Tore.
For ungguten var det starten på ei lidenskapeleg interesse for skogen og for den eldgamle byggeskikken.
Enorm respons
Fjorten år etter opplevinga i smalhuset bygde han eit reisverk av ei grillhytte i grindverksbygg. Den femten kvadrat store «hytta» tok han med seg på ei salsmesse.
– Responsen var bra. Det ga masse energi, seier Tore.
Det var eit eventyr å stå på messer. Dei første bestillingane tikka inn, først å grillhytter så på større hytter og meir spesielle prosjekt.
For ti år sidan bestemde han seg for å livnære seg av å bygge grindverksbygg. I dag er dei fire tømrarar i arbeid. Det største prosjektet så langt er ein ridehall på 1250 kvadratmeter, med utgangspunkt i grindverksbygg.
Materialet er frå eigen skog. Kvart bygg vert reist i verkstaden heime på garden før det vert plukka ned og transportert til kunden. Veggane blir levert i modular som skal på plass mellom stavane, og blir reist på få dagar. Eksisterande grunnmur av stein eller betong kan gjerne nyttast.
– Eg er ein av mange som har fått gode råd frå Astrid Brommeland hjå Fylkesmannen, som er ein ressurs for oss som vil utvikle næringa på bygdene, seier Tore.
Tre passar godt til mjølkekyr
Tore har merka seg at det er auka interesse for å bygge husdyrbygg i tre. Mange er skeptiske til å satse på trefjøs, spesielt til mjølkeku. Han trur trefjøs kan fungere godt også i det fuktige klimaet her på Vestlandet.
– Grindverksbygg er utvikla i det fuktige og rå vestlandsklimaet, men i moderne tid har bygg av stål og betong blitt det anlege, sjølv om det både er kostbart og energikrevjande, seier han.
Tore er sikker på at trefjøs har ei framtid, også på Jæren – og til mjølkeku. Han meiner trefjøs kan byggast både som kaldfjøs eller isolert.
– Luft og materialkvalitet er heilt avgjerande. Den beste kvaliteten kan nyttast som kledning. Bruk helst kjerneved med margsida ut og sikre god lufting på kledningen. Massivtre kan vere ei god løysing i kombinasjon med grindverkskonstruksjonar, seier Tore.
– Kvifor bygge i tre?
– Tømmer er fornybart, det er klimasmart, og me har bygd slik i tusenvis av år her på Vestlandet. Tre absorberer fukt og dempar lydar slik at det blir ein trivelege arbeidsplass både for folk og dyr. Trebygg er fine å kvile augo på og treng ikkje koste meir enn å bygge i betong og stål, summerer Tore.
For grindverkskunstnaren på Fjellgardane er det viktig å kombinere det tradisjonelle med det moderne.
– Kan me bruke dei ressursane me har rundt oss, slik vi har gjort i hundrevis av år, er det ein fin måte å ta vare på historia og kulturarven. Me kan bygge mange ulike konstruksjonar med utgangspunkt i grindverksteknikken. Lysthus, driftsbygningar, hytter eller heimekontor, for den del. Eg blir trigga av å bruke den geniale grindverkskonstruksjonen til å bygge noko heilt nytt, seier Tore.