Tid for lam: Prisløypa er laga slik at det skal løne seg å sanke og levere slaktemogne lam frå månadsskiftet august/september. Da har Nortura lam klar i butikk til salssesongen startar for alvor no frå midten av september. Foto: Bothild Å. Nordsletten
Utgangspunktet for ein vellykka lammesesong, er kvalitetslam til rett tid. Her får du råd for å sikre god timing.
Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
Vi er nå i oppstarten av den mest hektiske sesongen for slakting og sal av lam. I Nortura skal vi stå på for at salet av både sau og lam skal bli så godt som råd. Vi har hatt ein god start på salsåret 2020, med mange gode grill- og hverdagslamprodukt av sau og lam som har seld godt. Nortura har ein salsvekst på fem prosent på produkt av lam og åtte prosent på produkt av sau hittil i år. Vi satsar vidare inn i lammesesongen med produktserien ”Hele Norges lam” som Nortura tilbyr kjedene i lammesesongen. Her fortel vi historia om 9000 Nortura-sauebønder som kvar dag jobbar med å sikre forbrukaren lammekjøtt av høgaste kvalitet. Det kjem også fem nye Hverdagslamprodukt som skal sikre at forbrukaren finn lam i butikken kvar dag, året rundt. Til festmiddagen tilbyr Nortura Gourmet- lam i ulike variantar.
Timing viktig
Utgangspunktet for ein vellykka lammesesong, er kvalitetslam til rett tid. Prisløypa er laga slik at det skal løne seg å sanke og levere slaktemogne lam frå månadsskiftet august/september. Da har vi produkt av lam klar i butikk til salssesongen startar for alvor i kjedene frå midten av september. Dersom lamma ikkje er slaktemogne, vil det alltid lønne seg å sluttfôre dei til kvalitetslam. Samarbeidet i lammeringane i Nortura gjer det mogleg å drive plukkslakting utan å tape puljetillegg.
På Medlemsportalen under ”Småfe” og ”Beregningskalkulatorer”, kan du laste ned reknearket ”Slakteoppgjerskalkulatoren 2020”. Her kan du rekna på økonomien med å sluttfôre lam i ulike tidsperiodar med utgangspunkt i ulike vekter, tilvekstar, tilskotssoner og så vidare.
Vurdering av feittgruppe
Når ein skal vurdere om eit lam er slaktemogent, så vurderer ein eigentleg kva feittgruppe ein trur lammet har. Det varierer kor tungt eit lam er når det byrjar å avleire feitt:
- Lam som har hatt ein jamn god tilvekst, avleirar feitt ved ei høgare vekt enn eit lam som har hatt lågare tilvekst
- Intensiv sluttfôring fører ofte til feittavleiring på ei lågare vekt enn meir ekstensiv sluttfôring
- Søyelam avleirar som regel feitt ved lågare vekt enn vêrlam
- Lam av lette raser avleirar feitt ved lågare vekt enn lam av tunge raser
Ideell feittgruppe er rundt 2+/3-. Da har ein utnytta potensialet i lammet, samstundes som lammet ikkje mistar kvalitetstillegg på grunn av for mykje feitt. I 2019 var snittslaktevekt for lam med desse feittgruppene rundt 19 kg. Sauebønder er veldig flinke til å vurdere feittmengde (holdvurdering) når dei skal styre fôringa av søyene gjennom vinteren, og for å vurdere om lam er slaktemogne. Da bør ein kjenne på stader på dyret med berre feitt, skinn og bein. Bak på ryggen, på torntappane og tverrutvekstane, og rumperota, er fine stader å vurdere hold. Ein fin måte å øve seg på, er å holdvurdere slaktelam, notere forventa feittgruppe og samanlikne med slakteresultata når dei kjem.
Holdvurdering: Når du skal vurdera hold/feittmengde, bør du kjenne på stader på dyret med berre feitt, skinn og bein. Bak på ryggen, på torntappane og tverrutvekstane, og rumperota, er fine stader å vurdere hold. Illustrasjon: Nortura
Vurdering av slakteprosent
Når ein skal plukkslakte i store slaktelamflokkar, kan det vera rasjonelt å ta utgangspunkt i ei levandevekt som ein grovsorterer lamma etter, og så ta den siste sjekken ved å holdvurdere kvart enkelt lam som held vektkravet.
Når ein skal sikte seg inn på ei forventa slaktevekt, må ein ta stilling til slakteprosenten, eller prosent slaktevekt av levandevekt. Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:
- Søyelam og godt kjøttsette lam har høg slakteprosent
- Lam vege om morgonen før beiting, har høgare slakteprosent enn lam vege om kvelden
- Lam vege i sankegjerde med lite fôr i vomma, har høg slakteprosent
Erfaringar frå Beinhelleren sankelag i Hordaland er at slakteprosenten kan liggje på 44-45 prosent på slike lam.
Vanleg slakteprosent på Norsk kvit sau på beite er 40 prosent på vêrlam og 42 prosent på søyelam. Siktar ein seg inn på 20 kg slaktevekt for vêrlam og 18,5 kg slaktevekt på søyelam, må altså vêrlamma vega ca. 50 kg og søyelamma ca. 44 kg.
Lykke til med levering av kvalitetslam til Nortura!