I desse dagar har me fått nok eit handfast døme på bøndene si vidgjetne omstillingsevne. For tal frå Tine Råvare syner at aktiviteten i norske mjølkefjøs er skrudd opp ennå eit hakk. I juli vart det levert 116,8 millionar liter mjølk. Det er 3,8 prosent meir enn i 2019. Saman med veksande volum, har også auka feittprosent ført til at Tine har tatt inn 240 tonn meir feitt enn på same tid i fjor.
Utviklinga er, som Tine skriv på medlemssidene sine, heilt i tråd med behovet for meir mjølk og feitt. Som ein konsekvens av at bøndene har hive seg rundt, er det kjekt også å registrera at inngangen av den viktige sommarmjølka har auka.
Bakgrunnen for det auka mjølkebehovet og for at forholdstalet vart sett til 1,05 på forsommaren, er sjølvsagt koronasituasjonen og den forseinka oppstarten ved Tine sitt anlegg i Irland. Men det er forhold som ligg ennå nokre månadar lengre bak i tid, som gjer bøndene sin snuoperasjon i år iaugefallande.
For rundt desse tider i fjor skulle det kuttast. Hundre millionar liter skulle vekk grunna eksportforbodet. Mange meldte interesse for kvoteutkjøpsordninga, og forholdstalet for 2020 var varsla å bli 0,96.
Det seier ikkje reint lite om evna til både mental og fysisk omstilling, når utgangspunktet for dagens oppdrift var dyster nedgangsstemning.
At bøndene så prompte svarar når Tine har behov for meir mjølk og at viljen er så stor til å fylla kvoten, er også ein sterk påminnar om den beredskapsevna som ligg i jordbruket.
Tine-anlegget i Irland er omsider oppe å gå, men korona-pandemien og reiserestriksjonar gjer at dei fleste av oss framleis vil handla og ete i Norge i lang tid framover. Samvirket har hatt godt sal i sommar og forventar fortsatt stor etterspurnad i marknaden utover hausten.
Med andre ord er det viktig at mjølkebøndene held oppe den gode stimen dei er inne i – og at alle andre hugsar å skåle til deira ære. I verdas beste mjølk, sjølvsagt.
Bothild Å. Nordsletten