Tre gonger i det siste har regjeringa hatt høve til å løfte jordbruket. Tre gonger har dei late det vera. Jordbruksoppgjeret, revidert nasjonalbudsjett og den tredje korona-krisepakka, som alle vart behandla av Stortinget i førre veke, utgjer såleis tre tapte sjansar. Ikkje berre for den einskilde bonde, men for økonomien og sysselsettinga i distrikta, ja, for heile landet. Det er synd av fleire grunnar.
For det første fordi Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget og grøntnæringa sjølve har bede om krise- og/eller tiltakspakkar. Smittetiltak kostar, liksom auka kraftfôrprisar og opplæring av nye folk i veksthuset. For å nemna berre nokre nye ekstrautgifter.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har vendt dei tommelen ned. Landbruket har vore lite råka av krisa, seier ho til Nationen, og viser til at matforsyninga har gått normalt og at etterspurnaden etter norsk mat aukar.
Det har ministeren langt på veg rett i. Men det er også eit ganske kortsiktig perspektiv ho og regjeringskollegaene legg for dagen. Uvissa om i kva grad grøntprodusentane har nok arbeidskraft til komande innhausting er framleis stor. Dei ville forståeleg nok helst hatt avlasting for risikoen dei tok ved å lytta til Bollestad sitt råd om å så og planta som normalt.
Eit anna forhold er at regjeringa ikkje ser samanhangen mellom investeringsbehova i jordbruket og behovet for å halda dei samfunnsøkonomiske hjula i gang. Med ei tilskotspakke til bøndene kunne dei nemleg slått fleire floger i ein smekk.
Omlegging til SPF i svinenæringa. Skjerpa krav til båsfjøs i 2024 og lausdriftskrav i 2034. Grøfting, dyrevelferdsog klimatiltak. Alle desse investeringane ventar rett rundt hjørnet. Kvifor ikkje ta eit krafttak no? Det står ikkje på bøndene. Investeringslysta er stor. Hjå Innovasjon Norge, derimot, er kassa for investeringstilskot for i år så godt som tom.
Hadde regjeringa fylt den med ei tiltakspakke, kunne det resultert både i naudsynte oppgraderingar av driftsapparat så vel som kjærkomne oppdrag og inntekter til entreprenørar og handtverkarar i distrikta. Det treng ikkje kosta all verda heller, skal me tru Bondelaget. For der staten bidreg med éi krone, bidreg bonden sjølv med tre til sju kroner. Og for kvar krone til landbruket, blir det tre for andre næringar.
Å styrka jordbruket no ville dessutan betra sjansen for at den stigande etterspurnaden etter norsk vare heldt seg høg. Noko som i sin tur kunne bidra til å redusera importen. Som i sin tur ville sikra vidare aktivitet og verdiskaping på gardane, osv.
I tillegg er det viktig å investera i menneska på garden. Bøndene er del av ei stadig meir marginal næring, og gjennomsnittsalderen er høg. Oppgradering av fjøs ville gitt bonden ein enklare arbeidskvardag – og gagna dyrevelferda. Ei tiltakspakke vil også vera ei tiltrengt «motivasjonspakke» for både eksisterande bønder og rekruttar.
Eit av argumenta politikarane brukar for å forsvara krisepakken til oljebransjen, er sysselsetting og behovet for å halda på folk og kompetanse som skal sikra det grøne skiftet. Same resonnement burde brukast for å forsvara eit løft for bøndene. Dei òg genererer arbeid og verdiskaping utanfor bruket. Og me treng dei for å sikra maten og sjølvberginga for all framtid.
Sp, Ap ogSv føreslo nyleg at regjeringa kjem med ein opptrappingsplan for jordbruket under neste års jordbruksoppgjer. Den sjansen bør ikkje regjeringa la gå frå seg.
Bothild Å. Nordsletten