Storsatsing: Eit nytt anlegg i Tønsberg overtar truleg pølseproduksjonen til Nortura, saman med all skjering av gris. Foto: Nortura/Erik Burås
Nortura sine nye milliardplaner inneber bygging av nytt slakteri i Kviamarka i Hå med ein prislapp på 600 millionar kroner.
Sjur Håland
Måndag lanserte Nortura-administrasjonen sin lenge varsla plan for ny industristruktur. Anlegget på Forus blir truleg lagt ned sidan det også skal investerast 700 millionar kroner i nytt anlegg i Tønsberg. Her skal etter planen den framtidige pølseproduksjonen til Nortura gå føre seg saman med all skjering av gris.
På Rudshøgda i Innlandet kan det bli investert meir enn 150 millionar kroner for å samla slakting og skjering av storfe og ny slakte- og skjereline for småfe på heile Austlandet. På Malvik i Trøndelag kan det bli investert i det Nortura kallar «ny kapasitet» knytt til skjering av storfe, medan selskapet understrekar at anlegga på Hærland i Viken alt er under utvikling med proteinproduksjonsmetoden Bioco, som det Nortura kallar «siste skotet på stammen».
Nytt hovudkontor
I pressemeldinga frå Nortura kjem det også fram nok eit døme på at dei fleste steinane er i ferd med å snuast i konsernet for å skape lønsemd. Utgreiing av eit nytt hovudkontor er i gang. Dette grepet vil kunna gi ei årleg innsparing på ti millionar kroner.
Historisk
Samla investerer Nortura med dette i perioden fram mot 2025 mellom 1,1 og 1,4 milliardar kroner i nye høgteknologiske anlegg. Vert investeringsplanane realisert, vil dei utgjera den største satsinga i Nortura si historie. Fem store regionale anlegg med moderniserte produksjonsprosessar og ny teknologi vil bli konsekvensen dersom planane frå Nortura sin administrasjon blir gjennomført.
Årleg styrking
Det er berekna at investeringane vil styrka lønsemda i konsernet med 300- 400 millionar kroner årleg. Konsernsjef Anne Marit Panengstuen, er ikkje i tvil om kva som er rette grepa.
– Planen er heilt naudsynt for å snu utviklinga. Dersom me skal sikra arbeidsplassar, eit framtidsretta samvirke og jordbruk over heile Norge, må me tenkja nytt om korleis industrien blir organisert, seier ho.
Panengstuen held fram at satsinga er den største og mest offensive i Nortura nokon gong.
– Målet er eit sterkt, berekraftig og konkurransedyktig egg- og kjøtsamvirke, held ho fram.
Færre folk
Satsinga skal, i følgje Nortura, rusta både norske bønder og norsk matvareindustri mot auka konkurranse gjennom å mellom anna samla og spesialisera produksjonen på anlegga. I pressemeldinga blir det streka under at auka spesialisering og bruk av avansert teknologi gir lågare kostnadar og redusert mellomtransport mellom anlegga. Bruk av sparekniven har negative konsekvensar.
– Som i alle omleggingar vil også denne innebere at det blir overtalige i løpet av fireårsperioden. Det er ikkje ønskjeleg, men dessverre naudsynt, seier Panengstuen.
Ikkje gardsnedleggingar
Grunnlaget for dei store investeringsplanane Nortura nå har lagt fram er årsmøtevedtak og eigarane sine ønskje om å møta auka konkurranse og endra forbrukarkrav med «å snu alle steinar» og å legge fram ein industriplan for konsernet.
– Vårt mål er å setja ein ny standard for avansert og berekraftig matindustri, seier Panengstuen. Mottaksplikta blir ivareteken, også med ein ny industristruktur. Konsernsjefen forsikrar at ikkje eit einaste gardsbruk kjem til å bli lagt ned av denne satsinga.
– Snarare tvert i mot. Endringa er eit grep for å sikra egg- og kjøtproduksjon i heile Norge, seier ho.