Kompassnåla peiker «grøntover». No har også kartet som gjer det mogleg å staka ut kursen kome. Det kan bli spanande, på meir enn éin måte.
I førre veke lanserte NIBIO eit nytt digitalt lag til sitt eksisterande kartpraktverk kilden.no. Ikkje berre kan du sjekka ut korleis åkrane eller beita dine er klassifisert med omsyn til vasslagringsevne, grunnforhold eller erosjonsrisiko. No kan du også sjå kva teig som eventuelt eignar seg best til éin eller fleire av dei mest populære grønsakssortane våre.
Grønsakskarta er laga i samarbeid med Norsk landbruksrådgjeving og Meteorologisk institutt. For grøntnæringa er det ein kjærkomen ressurs når gartnarar, frilandsdyrkarar og næringsmiddelindustrien planlegg for det som kan bli ein monaleg vekst i produksjonen og forbruket av norsk rot- og bladvekster.
Også for bønder som vil eller må omstilla seg kan karta koma til nytte. Ta den komande nye gjødselvareforskrifta, til dømes. Dersom den gjer det naudsynt å redusera talet på husdyr i eit område, viser den digitale oversikten om og kor det kan vera mogleg å driva alternativ grøntproduksjon.
Det, i sin tur, gjer at kartet også kan brukast som argument for dei som eventuelt vil ta til orde for å flytta husdyrproduksjonen meir over på utmark og spara den beste jorda til grønsaker og korn.
Det er altså ikkje berre (potensielle) grønsaksbønder som kan ha nytte av dette grønsakskartet. Som kart generelt hjelper også denne nyvinninga oss alle til å sjå verda i perspektiv. Oversikta over dei beste raudbete-åkrane og kålrot-felta minner oss om korleis landet ligg og ting heng saman: Ei fruktbar stripe ute langs kysten. Nokre smale, grøne dalføre kilt inn i fjellheimen bak. Det er alt. Grøderikt nok til å ha fødd folk i tusenvis av år. Marginalt nok til at det gjeld å ta vare på kvar einaste djupgrøne rute på kartet.
Slik bidreg det nye kartet til at potensialet i, og verdien av, matjorda vår blir ennå meir opplagt. Og ennå vanskelegare å oversjå. Og difor må det brukast for alt det er verdt.
Bothild Å. Nordsletten