Forgjeves?: Vipa fekk hjelp til å beskytte reira i våronna. Men naturlege trugslar, slik som predatorar, kan gjere at innsatsen kjennes forgjeves. Foto: Istock

Bønder og entreprenørar har gjort ein stor innsats for å hjelpe vipa og reiret hennar til å overleve våronna. Men kva med dei naturlege trugslane, slik som predatorar? Er jakt einaste middel?

Jane Brit Sande

I Bondevennen nr. 16 kunne du lesa om bruken av vipediskar i våronna, og at dette var eit tiltak som fungerte godt for å beskytte vipereira. Bondevennen har sidan blitt utfordra av bønder på kva som kan gjerast med trugslane frå naturen. Egg og vipeungar blir ofte tatt av kråke og rev, noko som er frustrerande for bønder og entreprenørar som gjer ein innsats for å redde den folkekjøre fuglen. Vipa har status som kritisk trua art på grunn av sterk tilbakegang dei siste 15 åra. Gjennomsnittleg årleg bestandsnedgang er på 4,4 prosent, i følgje Fylkesmannen i Rogaland.
No kjem Jæren jakt- og fiskelag (JJFL) på bana og ønskjer å hjelpa bøndene.

– Me kan og vil bidra med kunnskap og jegerar, seier leiar Torunn Kverneland Thiemer til Bondevennen.

Under eit vipe-møte i regi av Fylkesmannen på Undheim tidlegare i år, delte Thiemer kunnskap om revejakt. Ho fortalde at ei tispe med revekull et totalt eit tonn med mat.

– Dei et det dei finn. Felling av rev gagnar både ville fuglar og beitedyr, seier ho.

JJFL jaktar bønder og grunneigarar som er villige til å sette av område til disposisjon for jakt.

Torunn Kverneland Thiemer
Foto: Privat

– Eg oppmodar bønder som kan tenka seg eit samarbeid om å ta kontakt med klubben, så blir me samde om noko som kan fungera for begge partar, seier Thiemer.

Den slu reven

Jegerprøve og lisens er eit krav dersom ein skal felle på jakt. Revejakta varer frå 15. juli til 15. april. Men jakt på rev er ikkje heilt enkelt, i følgje Thiemer.

– Reven er som kjent slu. Den har god hørsel og god luktesans, seier ho. Ho har tru på to jaktstrategiar for å felle rev.

– Eit alternativ er å setta opp revebåsar. Det er ei felle, der reven blir lokka inn av åte og stengt inne. Ein slik bås treng å stå ein fast plass, og må sjekkast kvar einaste dag den er i bruk. Det kan hende den må stå ein sesong eller to før reven lar seg lure, seier Thiemer.

Mange bønder lar seg skremme av kravet om dagleg tilsyn av fellene. Thiemer meiner det ikkje er grunn til uro.

– Utanom jaktsesongen må den stå open. Skal grunneigar reisa vekk, kan han anten avtale tilsyn med oss eller la den stå open dei aktuelle dagane, seier ho.

– Tilsyn er viktig då andre dyr også kan bli fanga i båsen. Til dømes naboen sin hund. Derfor er det viktig at ein er tilgjen geleg for å opna båsen, seier Thiemer.

Det andre alternativet er ei åtebu. Det er ei utkikkshytte der jegerane kan sitje på nattetid og følgje med på om reven lar seg lokke av åte.

– Jaktlaget vil sjølv setta den opp, og ha overordna ansvar for bruken av den. Det vil vere ei fast persongruppe og ein fast kontaktperson. Dette er viktig for både jaktlaget og grunneigaren, seier Thiemer.

Kråkefuglar

Også kråkene er ein trugsel for vipa og andre bakkehekkande fuglar.

– Kråkefeller og kråkejakt kan bonden ordna sjølv, gitt at han har jegerprøven, sjølvsagt, seier Thiemer.

Ansvar

For å jakta på annan si grunn, må jegerar alltid ha avtale med grunneigar om kva som jaktast og kor lenge jakta går føre seg. Dersom grunneigar leiger bort jord eller utmark, er det fortsatt grunneigar som råder over jaktretten.

– Både revebås og åtebu krev permanent plassering, og me ønskjer avtalar med grunneigarar til dette, seier Thiemer. Jegerane har sjølve ansvar for å ha jegerprøve i orden.

Har tru på skjøtsel av vegetasjon

Ornitolog Oddvar Heggøy trur det viktigaste er å gjere det mindre attraktivt for predatorane å opphalde seg der vipa hekker.

Me manglar kunnskap om kven som er dei viktigaste predatorane i Noreg, men internasjonal forsking peiker på at såkalla generalistar tek mest vipe og anna fugl.

– Generalistar er predatorar som et mykje forskjelleg. Raudrev og kråkefugl er døme på slike, seier Oddvar Heggøy, førstekonsulent i Norsk ornitologisk foreining.

Han påpeiker at det er lokale variasjonar i kva dyr som er «verst».

– Nokre stader er det gråhegre eller grevling som tek mest. Andre stader kan det vere raudrev og mår. Det er ganske mange predatorar som kan ta vipeegg og –ungar, men dei tar også andre fugleegg, seier han.

Tre alternativ

Heggøy seier at generalist-predatorar ofte et det som det er mest av, eller er best tilgjengeleg. Korleis skal då vipa beskytta reiret best mogleg? Heggøy har mest tru på skjøtsel av vegetasjon.

– Målet med det er å gjere det mindre attraktivt for predatorane å opphalde seg i nærleiken av områda der fuglane hekker, seier han.

– Både viper og andre artar føretrekk å hekke med litt avstand til tre og anna høg vegetasjon. Det er fordi predatorane gøymer seg i vegetasjonen.

Oddvar Heggøy

I nokre område er det gjort forsøk med å kontrollere predatorbestanden med jakt. Heggøy seier at det har hatt varierande resultat.

– Det må leggast ned ein betydeleg innsats for å sjå effekten av jakta. Men nokre stader der det er gjort innsats over tid, viser at det har ein effekt, seier han.

Inngjerding med straumgjerde av hekkeområde er éin taktikk som er prøvd i nokre europeiske land. Dette held ute raudrev og grevling. Heggøy trur dette kan vere realistisk å gjennomføra nokre stader på Jæren.

– Ein må vere selektiv med kva område som blir gjerda inne, men på nokre område på Jæren er det store vipekoloniar, med til dømes 50-100 vipepar som hekkar i eit lite område. Der bør straumgjerde vera effektivt, seier han.

Fylkeskommunen tilrår samråd med kommunen

Jakt på kråke går ofte føre seg på vinterstid. Knut Thorkildsen Slettebak, seniorrådgivar i Rogaland Fylkeskommune, meiner det har lite føre seg, dersom målet er å beskytta vipa og andre bakkehekkande fuglar.

– På den tida av året er det i stor grad trekkfuglar frå Sverige og Finland som held til her, altså ikkje dei same kråkefuglane som tar vipeegg og –ungar om våren.

Slettebak meiner utstrakt jakt på fuglar har avgrensa og midlertidig effekt.

– Det skræmer vekk dei fuglane som er der, der og då. Men det har ingenting å seie for dei som kjem flygande frå ein annan stad to dagar etterpå, seier han.

Det er kommunane som er viltmyndighet, og som skal fatte vedtak knytt til jakt på jaktbare artar. Til dømes har nokre kommunar skotpremie på kråke eller rev. Fylkeskommunen har ansvar for generell rettleiing.

– Ved ordinær jakt kan grunneigarar inngå samarbeid, eller ein kan ha avtale med jegerar. Uansett rår eg til eg at samarbeid på jakt, med mål om å redusere predatortrykk, blir gjort i samråd med kommunen, seier han.

Det er ikkje blitt gjort kartleggingsarbeid på verken kråkefuglar eller revebestand i Rogaland.

– Det er nok grunneigarar eller interesseorganisasjonar som må initiativ til dette, seier Slettebak.  

Stikkord denne saka: