Feil utvikling: Grøntnæringa i Rogaland har ennå stort potensial. Får NIBIO, NLR og grøntnæringa det som dei vil, blir det meir bær og grønsaker i veksthusa i fylket – og færre bubilar. Foto: Sjur Håland
Grøntprodusentane i Rogaland er klare for å auke produksjonen, men utfordringane er mange. NIBIO, NLR og næringa åtvarar mot ei utarming av produsentmiljøet.
Jane Brit Sande
I jordbruksforhandlingane i fjor vart det lagt til rette for ei satsing på grøntproduksjonen. Før påske kom grønt-strategien, som skulle vore grunnlaget i årets forhandlingar. Mange produsentar er motivert til å starta opp, men møter hindringar – også i matfylket Rogaland. Bondevennen kjenner til at fleire produsentar vurderer å kasta inn handkledet.
NIBIO søkte nyleg Rogaland Fylkeskommune og støtteordninga Handlingsprogram Landbruk 2020 om midlar til forprosjektet «Auka produksjon av grønsaker i Rogaland». Prosjektet skal kartlegga barrierar for vekst i grøntnæringa og kva tiltak som bør settast inn for å få vekst i grønsaksproduksjonen i Rogaland. «Dersom ein skal nå nasjonale og globale mål om å auke matproduksjonen monaleg (70 prosent auka volum innan 2050, i følgje FN, red. meld.), så må vi starte ein prosess no», skriv NIBIO i søknaden.
– Det hastar fordi etterspurnaden etter mjølk og raudt kjøt er lågare. Dette kan gjere at store areal blir ledige. Det er viktig å koma i gang med omstillinga, og me må bygga kompetanse. Dette er arbeid som tek tid, seier prosjektleiar Arne Sæbø, stasjonsleiar på NIBIO Særheim.
Prosjektet, med planlagt start allereie 1. mai, har som hovudmål å lage ein strategi for å auka norsk produksjon av grønsaker, med Rogaland som pilotområde. I prosjektgruppa er det også representantar frå Rogaland Fylkeskommune, NLR, Fylkesmannen og Bondelaget. Nokre av kommunane i Rogaland vil bli inviterte som partnarar i forprosjektet.
Prosjektgruppa vil finna ut korleis ein kan produsera fleire typar grønsaker, utvida sesongen for norskproduserte varer (i begge endar) og legge til rette for effektiv marknadsføring og sal av norskproduserte varer. Dyrkarane må også få kontraktar for omsetting. Prosjektgruppa meiner at Rogaland har særleg gode moglegheiter, både med omsyn til natur og kompetanse.
«Utarming» av produsentmiljøet
Eit av delmåla i prosjektet er å analysere og synleggjere årsaker til og konsekvensar av det søkarane omtalar som ei «utarming av produsentmiljøet».
– Talet på dyrkarar i fylket er på veg ned, men arealet blir oppretthaldt. Nedgang i talet på dyrkarar gjer miljøet sårbart. Me ønsker eit sterkare fagmiljø der me kan halde fram med å stimulere produsentane som er att og stimulere til nyetableringar, seier Sæbø.
Uroa blir bekrefta av Ola Sunde, grønsaksdyrkar på Klepp, medlem av grøntutvalet i Rogaland Bondelag og representant i prosjektgruppa.
– Talet på produsentar går ned, og me treng fleire for å få sterke, gode fagmiljø. Også rådgivarapparatet er avhengig av dette, seier Sunde.
Sunde meiner at det er med grønsaksprodusentane, som produsentar i landbruket elles: Nokon blir større, andre dett frå. Talet på matprodusentar går jamt nedover.
– Det handlar ofte om økonomi. Mange vel å kasta inn handkledet når det blir behov for kostbare investeringar i maskinar og utstyr. Når neste generasjon ikkje vil ta over og halde fram, handlar også det ofte om økonomi. Å starta opp som produsent eller med ein ny produksjon har også vist seg å vere veldig krevjande, seier Sunde
Treng kontrakt
Arne Sæbø seier at det er eit stort rom for meir norske grønsaker, men at dyrkarane er avhengige av å få kontrakt for avsetnad hjå grossistane.
– Det er vanskeleg å koma i gang med ny produksjon. Bønder er motiverte, men treng kontrakt, seier Sæbø.
Arne Sæbø
Ola Sunde
Prosjektgruppa vil utfordra grossistane på om det er mogleg å legga meir av grønsaksproduksjonen til Rogaland. Austlandet blir prioritert Sæbø og Sunde stadfestar at produsentar har gitt seg i næringa, og at talet på dyrkarar i Rogaland går nedover.
– Korleis er satsingsviljen i fylket?
– Eg veit ikkje spesifikt. Me vil kartlegga kva som er motivasjonen for å starta opp, og kva me må gjere for å mobilisere produsentar til å satse. Det er opning for å starta opp i og med at det ikkje er overproduksjon, og det er satsing på grønsaksproduksjon gjennom jordbruksavtalen, seier Sæbø.
Grønsaksdyrkar Sunde meiner at grøntproduksjonen i Rogaland har hamna i skuggen av produksjonen på Austlandet. Areal med grønsaker og potet i fylka som grenser til Oslofjorden (unntatt Oslo og Akershus), samt Innlandet fylke, står for om lag 70 prosent av produksjonen i landet og 80 prosent av den økologiske.
– Det er viktig at me får med oss daglegvarekjedene og grossistane på at det fortsatt skal vere produksjon i Rogaland, men at den også skal dekke utover fylket. Me har høve til å produsera meir, seier Sunde.
Han ønsker fleire produsentar i fylket, og at dei kan levere til ein større marknad.
– Det bør vere aktuelt at Rogaland til dømes forsyner kringliggande fylke med grønsaker. Me kan senda grønsaker til Bergen og oppland, og supplera produksjonen som er i Vestland fylke. No får dei grønsaker frå Austlandet, seier Sunde.
Sæbø ved NIBIO har ikkje svar på kvifor Austlandet dreg ifrå, men seier at også dette blir tema for prosjektarbeidet.