I Bondevennen si Høyr-spalte førre veke vart me minna om at tre rotnar, at stål rustar og at betong forvitrar. Det meste me omgir oss med av materielle ting er i forfall. Det kan mest høyrast ut som landbruket har ein pågåande katastrofe å handtera i tillegg til den globale pandemien som herjar land og folk. Men sanninga er at materielt forfall verken er nytt eller særleg skummelt. I landbruket har den kunnskapen blitt handtert i alle år. Ordet for rådgjerdet er vedlikehald.
Sommarhalvåret er perioden som høver best til slikt. Sauer og kyr er ute. Gjødselkjellaren er tom. Ungdommane har skuleferie og vêret er lagleg for eit par strok med maling eller skifting av vindauga på sør i kårbustaden. Har du eit blautt område på eine åkeren, plar det vera bankers å ta grøftejobben rett etter førsteslåtten, kring jonsok. Då skal normalt jorda vera på det tørraste og arbeidsdagane på det lengste.
Så er det dessverre også slik at det er i sommarhalvåret at kontoen er på det slakkaste. Den digitale eller fysiske bunka av fakturaer har ein tendens til å hopa seg opp når det i tillegg til dei vanlege utgiftspostane skal gjerast opp for såfrø, kunstgjødsel, ensileringsmiddel og entreprenør.
Utgifter til vedlikehald har nok ein tendens til å bli ein salderingspost. Dette året er det ekstra gode grunnar til å håpa at vedlikehaldsposten på budsjetta til norske bønder ikkje blir radert vekk. Den globale og uhyggelege koronapandemien går føre seg for fullt. Ingen veit heilt korleis smitta vil utvikla seg og herja i vekene og månadane som kjem. Det me veit og ser er at store delar av næringslivet for tida er ute av funksjon. Me står midt i ein unnatakstilstand som ingen ein gong hadde drøymt om for tre månadar sidan.
Landbruket har fått mykje godvilje i den ekstreme situasjonen. Nett nå yrer det av traktorliv ute på jordene. Forbrukarar som tidlegare har irritert seg over agrar støy, trafikkhindrande traktorar og lukt av husdyrgjødsel, sender nå ein hjartevarm tommel opp til bøndene. Tryggleik for at det på det jamne blir fylt opp med egg, mjølk, ost og salami i butikkhyllene, bidreg til at det i det minste er éin mindre grunn til uro i heimane.
Også i år kan bøndene gjera enda meir enn å produsera mat. Unnatakstilstanden vil vera den rette anledninga til å visa nasjonen kva som ligg i omgrepet «landbruk i heile landet». Å fortelja sjølvstendig næringsdrivande bønder kva dei skal gjera og ikkje, skal me vakta oss vel for. Me skal heller ikkje tru at landbruket er løysinga på dei økonomiske utfordringane landet står i.
Men me kan formidla ein tanke om at det er kanskje nå i sommar du for eksempel bør skifte taket på reiskapshuset og reparere betongdragarane i gjødselkjellaren. Bøndene er blant dei oppdragsgivande samfunnsaktørane som nett nå kan bidra til å halda samfunnsmaskineriet i gang.
Det kan bli enda ein augeopnar for storsamfunnet.
Sjur Håland