Konklusjonen etter at Det internasjonale pengefondet (IMF) i førre veke la fram dei økonomiske prognosane for 2020, er like dyster som klar: Det blir langt tøffare tider framover – for oss alle. Økonomien i verda og i Noreg stoppar opp. Ifølgje IMF blir verdas samla bruttonasjonalprodukt i år redusert med tre prosent. Noreg blir spådd ein økonomisk nedgang på heile 6,3 prosent, verst i Norden, og ei arbeidsløyse på 13 prosent.
Medan omfanget av krisa som følgjer av korona-pandemien kan vera vanskeleg å ta inn over seg, finn økonomane ord: Me opplever no den verste økonomiske tilbakegangen sidan dei harde trettiåra, og stoda er mykje verre enn finanskrisa i 2008. “Omfanget og farten i kollapsen i aktivitet er ulikt alt anna me har opplevd i vår levetid», sa sjefsøkonom i IMF, Gita Gopinath, då ho la fram prognosen.
IMF varslar forsiktig vekst i 2021. Men atterhalda om at det kan gå langt verre enn prognosert er fleire enn lyspunkta. Kanskje må dei smittedempande tiltaka vara lenger enn me ønskjer. Kanskje kjem nye smittebølgjer. Og ingen veit kor lenge dette vil vara. Uansett er fallet me no opplever så djupt at me ikkje kjem attende på same økonomiske nivå som før krisa, sjølv med gode vekstrater.
Nedturen vil prega alt frå styrkeforholdet mellom verdsmaktene til kvardagen til milliardar av menneske over heile kloden. Verdien av å ha eit arbeid å gå til, eit arbeid som attpåtil alle andre avheng av, er om mogleg ennå meir openberr no enn for berre nokre veker sidan. Det har bonden. Men lik alle andre næringsdrivande må bønder, så vel som samvirke og andre føretak knytt til jordbruk og matproduksjon, bu seg på usikre og utfordrande tider. Kanskje er ikkje dette året for dei store og risikable investeringane, korkje på garden eller i utlandet. Kanskje må me igjen læra å klara oss med mindre, og få augo opp for dei økonomiske, sosiale og økologiske fordelane med meir lokal produksjon og samhandling.
Heretter blir det ennå viktigare å setja tæring etter næring, noko bonden alltid har vore god til. Ennå er det mykje å henta på betre agronomi og smartare utnytting av marginane. Kanskje kan me også finne meining og glede i meir måtehald.
Bothild Å. Nordsletten