Folk flest ensar knapt dei mange utanlandske arbeidarane som på fast- eller sesongbasis syter for at frø og plantar kjem i jorda, frukt og grønt blir hausta og fyller butikkhyllene våre. Først når tusenvis av dyktige ukrainarar, baltarar og vietnamesarar manglar, innser me kor kritiske dei er for at matproduksjonen vår skal gå som normalt. Når utlendingane anten ikkje kan, eller vil koma hit grunna smitteverntiltak eller smittefrykt, oppstår stor uvisse rundt komande våronn og innhausting. Slik er det også på gardar og i veksthus over store delar av Europa og i USA.
I førre veke gjorde regjeringa unnatak for innreiseforbodet for utanlandske sesongarbeidarar. Saman med tilsvarande tiltak i EU bidreg dette til å hindra at matproduksjonen og matmarknaden klappar saman. I ei krisetid og med våronna rett rundt hjørnet, er det ikkje vanskeleg å forstå at tiltaket er kjærkome blant uroa frukt- og grøntprodusentar.
Kompetent utanlandsk arbeidskraft vil alltid vera velkomen. Likevel bør regjeringa snarast mogleg leggja til rette for å rekruttera fleire nordmenn. Og som ein konsekvens av dette betra beredskapen for eigen matproduksjon. Me lever i usikre tider, men såpass veit me at koronakrisa ikkje blir den siste prøven me blir stilte overfor.
Billeg mat slik somme politikarar og VG-børsen krev, og slik landbruket sjølv godtek, er populært, men det gir ikkje automatisk god matberedskap. Det er i tillegg moralsk og verdimessig tvilsamt at produksjon av mat kan føregå for heilt ned i 123 kroner timen i eit av verdas rikaste land. Senterpartiets Per Olaf Lundteigen har difor heilt rett når han i Morgonbladet peiker på at me no har eit gyllent høve til å sikra dei primæroppgåvene som ein nasjonalstat skal ha, og til å heva lønene både i landbruket og i andre bransjar som har gjort seg avhengige av lågtløna, utanlandsk arbeidskraft.
Høgare løner i landbruket er ikkje einaste grunnen til at me truleg må bu oss på å betala ein meir reell pris for maten vår framover. Med korona-krise, svak krone og prisvekst på importerte råvarer, stig prisane på kraftfôr og andre viktige innsatsfaktorar. Som så mange andre går også bøndene krevjande tider i møte. I det me strevar oss framover, må me samstundes så frøa til eit betre, meir rettferdig og meir slitesterkt system enn det me har hatt til no.
Bothild Å. Nordsletten