Variert meny: Gras er hovudretten, men oksane av Vestlandsk raudkolle takkar ikkje nei til eit fargerikt måltid frå den lokale matbutikken.
Samarbeider om Rygekongens Gardsmat
Dei har buskapen, fjøset og beitene. No vil Tone Sæstad og Magne Kyllingstad Sæstad på Eigerøy, selje det unike kjøtet sitt sjølve. I lag med to andre, satsar dei både mot kokkeeliten og mannen i gata.
Liv Kristin Sola
Med Urfe-avtale hjå Nortura (sjå boks) og tilskot frå staten for å ta vare på dei bevaringsverdige norske storferasane, meiner Tone og Magne det er mogleg å oppnå eit dekningsbidrag på nivå med det andre små kjøtferasar klarer. Men for bøndene på Eigerøy er det ikkje spesielt forlokkande å leve av tilskot. Dei meiner dei har eit produkt med unik kvalitet og smak og ønsker at flest mogleg skal få oppleve smaken av våre tradisjonelle kurasar.
– Kjøt frå dei gamle rasane har spesielt god kjøtkvalitet. Me har ein berekraftig produksjon, kortreist og sporbar heilt ned til det enkelte dyret. Dyrevelferd er første prioritet, seier Magne.
Draumen om ein gardsbutikk har dei hatt sidan dei bestemde seg for å satse på dei gamle storferasane. På sikt håper dei å ta ut ein meirverdi og sikre ei inntening slik at familien kan leve av produksjonen på garden. Men vegen frå draum til realitet er krunglete og kostbar.
Les også: Gamle rasar i moderne fjøs
Viktig med samarbeid
Etter ein matkonferanse arrangert av Lund kommune, fekk bøndene vatn på mølla. Kunne dei bygge fjøs, kan dei også selje kjøt. Men ikkje åleine.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.