Ulike grasblandinger responderer ulikt på ulike høsteregimer. Foto: Anders W. Aune

Moderat timoteimengde og fleire artar i frøblandingar gir stor avling og ei god utnytting av vekstsesongen. Tre slåttar gav i forsøk meir fordøyeleg tørrstoffavling enn to slåttar, som inneber fleire fôreiningar på arealet.

Liv Østrem og Anders W. Aune, NIBIO Fureneset

Grovfôrproduksjon blir sterkt påverka av den lengre vekstsesongen med auka produksjon og potensielt fleire slåttar. Ein ekstra slått er forsvarleg berre viss avling og fôrkvalitet kan forsvara kostnadane, men det er uansett viktig å utnytta vekstsesongen best mogleg.
Me etablerte to felt 20.08.2015 ved NIBIO Fureneset i Fjaler, Sogn og Fjordane, med ti ulike blandingar som vist i tabell 1. I engåra vart felta hausta to eller tre gonger. Blandingane varierte med omsyn til timoteimengde og tal artar, reine bladgrasblandingar og artar i reinbestand. I engåra vart toslåttsfeltet tilført i snitt/daa 23 kg N, 4 kg P og 20 kg K og tilsvarande 29 kg N, 5 kg P og 25 kg K for treslåttsfeltet. Etableringa var svært god med unntak av bladfaks. Det var generelt lite ugras i forsøksfelta.
Dei tre engåra var ganske ulike vérmessig. Sum nedbør for perioden maiseptember var høvesvis 954, 703 og 1105 mm for dei tre engåra 2016, 2017 og 2018. Gjennomsnittleg temperatur var tilsvarande 13,5; 12,9 og 13,3°C. Sommaren 2017 hadde korte periodar med opphaldsvér og slått seinare enn normalt. Vekstsesongen 2018 var varmare og tørrare enn normalt fram til slutten av juli.

Avling

Avlinga, både som tørrstoff og fordøyeleg tørrstoff, var størst i andre engåret på grunn av sein slått i toslåttsregimet. I gjennomsnitt over tre engår og for begge hausteregima, var tørrstoffavling og fordøyeleg tørrstoffavling høvesvis 1107 og 755 kg per daa. Det var ikkje skilnad i tørrstoffavling mellom to og tre slåttar, men tre slåttar gav høgare fordøyeleg avling (782 kg/daa) enn to slåttar (728 kg/daa) (tabell 2). Reknar ein avlinga i fôreiningar, vil gjennomsnittleg mengde for begge hausteregima vera 899 fôreiningar, og for to og tre slåttar høvesvis 861 og 937 fôreiningar.

Tabell 1. Innhald og prosentvis fordeling av artar i dei ulike såvarene (etter vekt). Prosentvis fordeling av artar / sortar.

Moderat timoteimengde bra

Timoteiinnhaldet i blandingane var mellom 45-70 prosent. Timotei-bladgrasblandinga med lågast timoteidel (45 prosent) og SU22 (50 prosent), gav høgast avling. Moderat timoteiinnhald i frøblandingar opnar for at andre artar kan få rom og tid til å utvikla seg, og med mindre konkurranse frå timotei som etablerer seg raskt. SU21 med halvparten kvar av timotei og bladfaks, kan hevda seg i eit toslåttsregime, men blandinga fall gjennom ved tre slåttar fordi gjenveksten er for dårleg. Fleirårig raigras var med i dei tre beste blandingane, og denne arten vil raskt utnytta plassen sin ved god overvintring. Strandsvingel gjorde seg godt gjeldande i SU22 (30 prosent strandsvingel). Av frøblandingane har beiteblandinga vist best gjenvekstevne. SU20 er ei bladgrasblanding med likt innhald av fleirårig raigras og hundegras og 20 prosent kvitkløver, og var som venta betre tilpassa tre enn to slåttar. FK Surfôr+90 hevda seg i forsøket betre i toslåtts- enn i treslåttsregimet og gav ein svakare tredjeslått enn venta.

Reine artar gav minst

Reine artar gav lågare tørrstoffavling og fordøyeleg tørrstoffavling i snitt over år og hausteregime, samanlikna med fleirartsblandingar. Bladfaks og hundegras hadde lågast avling uavhengig av hausteregime. Bladfaks gav om lag like mykje avling i dei to hausteregima. Bladfaksavlinga kan ha vore påverka av dårleg etablering. Om hausten i attleggsåret dekka bladfaksplantene 50 prosent av forsøksrutene, medan plantesetnaden på dei andre rutene var 96-100 prosent. Bestandet av bladfaks auka i engåra, men dekninga var lågare enn resten av blandingane i heile forsøksperioden. Hykor raisvingel, derimot, skårar lågt i førsteslåtten i begge regima og aukar avlinga i seinare slåttar. I treslåttsregimet har Hykor høgast tørrstoffavling så vel som fordøyeleg tørrstoffavling i gjenveksten. Hykor har liten stengelmasse samanlikna med bladmassen, og avlingsmengda avspeglar veksemåten samanlikna med meir stengelrike bladgras. Under gode forhold kan sortar i reinbestand produsera godt, men dei er også utsette for utgang meir enn blandingar.

Tabell 2. Sum tørrstoffavling og fordøyeleg tørrstoffavling (kg per daa) for sortar og blandingar ved to og tre slåttar.

Kva påverkar frøblandinga?

Dei testa frøblandingane er laga på vektbasis. Timotei har svært små frø, og avhengig av spiringsprosenten, vil talet av potensielle timoteiplanter vera høgare enn det som kjem fram på vektbasis. Ei moderat timoteimengde i blandinga tillet også at blandinga kan innehalda fleire artar som kan dominera eller bli konkurrert ut avhengig av drift og dyrkingsforhold, utan at heile grasbestandet forsvinn. Ei slik utvikling såg ein i ein forsøksserie med frøblandingar til eng for kombinasjon med slått og beite, der ulike artar som engrapp og fleirårig raigras dominerte avhengig av kva art som klarte seg best. Etableringsfasen og første vinteren var avgjerande for korleis dei ulike artane utvikla seg frå ei blanding med 30 prosent timotei, (Rivedal & Østrem, 2018).

Kjelder:
Rivedal S, Østrem L (2018) Bladgras er viktig i eng til sauebeiting. Bondevennen 14, 16-17

To og tre slåttar

Dette er den første av tre artiklar i ein serie fra NIBIO, basert på eit forsøksfelt der høsteregima med to eller tre slåttar er samanlikna over tre engår. Feltet bestod av ulike frøblandingar:

  • fire blandingar med 45-70 prosent timotei
  • tre bladgrasblandingar
  • tre artar i reinbestand

Les også:

Fôrkvalitet i ulike frøblandinger ved to og tre slåtter

Flere høstinger = økt melkeproduksjon?

Stikkord denne saka: