Etter to år med uverdig og vond politisk dragkamp ser det ut som om spørsmålet om erstatning til pelsdyrbøndene er løyst. Tysdag i førre veke vart regjeringa og Frp samde om ei avtale som gir bøndene erstatning som om avviklingsvedtaket var eit «ekspropriasjonsarta inngrep». Mange av dei skulle sjølvsagt helst ha haldt fram i yrket, men set si lit til at ordninga blir til å leva med.
Etter år i uvisse er det ikkje vanskeleg å forstå at pelsdyrbøndene no kjenner seg letta. At jubelen ikkje står i taket er samstundes ikkje til å undrast over. Næringsforbodet mot pelsdyrhald vil sitje i lenge som eit djupt inngripande overtramp, og mange uavklarte spørsmål kring kompensasjonen gjer at bøndene ennå må vera på vakt, for å sikra eit rettast mogleg utfall. Kampen om ei berekraftig framtid for næringa er tapt. No handlar det om ei berekraftig framtid for bøndene og familiane deira.
Mykje har blitt sagt om det politiske spelet bak dette mørke kapitlet i norsk nærings- og landbrukshistorie. Politikk blir gjerne omtalt som «det muliges kunst», men kva som er kunst kjem visserleg an på auga som ser. Når både små og store parti er villige til å trakka på lovlege yrkesutøvarar for å halda seg sjølv i posisjon, bør det tene som ei påminning om at ein del kunst i røynda kan vera reint makkverk.
Dette makkverket har pelsdyrnæringa avslørt og kjempa imot. Kombinasjonen av profesjonalitet og personlege vitnemål i møte med styresmakter, meiningsmotstandarar og media, bør tena som inspirasjon for alle som utfordrar makta. Kva det har kosta den einskilde bonde og familie av både uro og mot, er vanskeleg å fatta for utanforståande. Men sjå, det nyttar.
Med eit vonleg leveleg utfall i saka, er det nedslåande å registrera korleis somme nektar å lata pelsdyrbøndene i fred. Næringa skal leggjast ned. Dei som ville den til livs har vunne. Dyrevernalliansen og Mdg burde vita betre enn å kritisera summen på erstatninga som næringa har kjempa seg til. Dei burde haldt munn.
Pelsdyrbøndene fortener takk for ein durabeleg kamp og lukke til med omstillinga til eit nytt levebrød.
Bothild Å. Nordsletten