BN+

Endeleg mjølkebonde: På ein bratt fjellgard i Telemark passar det med elleve Telemarkskyr og nitti vinterfôra sauer. – For oss er det realisme. Idealisme ville vore å satse på femti kyr, seier Kinn. Foto: privat


Kathrine Kinn satsar på mjølkeproduksjon på Telemarkskyr. – Dei gamle kurasane kan vere eit godt alternativ for fleire når mjølkevolumet no skal ned, meiner ho.


Liv Kristin Sola


Kathrine Kinn, fersk mjølkeprodusent i Flatdal i Seljord, vil inkludere dei gamle norske mjølkerasane i debatten om nedskalering av mjølkevolumet.


– Kvar bonde må sjølvsagt finne dei løysingane som passar for seg, men på enkelte bruk trur eg dei små mjølkerasane kan vere eit godt alternativ, seier Kinn.


Først og fremst fordi mjølkevolumet skal ned. Men samstundes meiner bonden at dei gamle storferasane tikkar fleire boksar, som auka bruk av norske ressursar og utmarksbeite, lokal matproduksjon og omdømme, samt klima og folkehelse. Og bonden kan redusere produksjonen, men oppretthalde ku-talet.


– Dei gamle rasane er mindre, dei et mindre og mjølker mindre. Dei tar seg godt fram i terrenget, er nøysam på fôret, har lågare vedlikehaldsbehov og utnytter grovfôret godt, summerer Kinn.

Ein vond sirkel

Telemarksbonden meiner næringa har køyrt seg inn i eit spor der det å jage høg yting er målet for å lukkast.


– Eg forstår at det er ein sterk motivasjonsfaktor, men eg trur det har gått for langt, seier Kinn.


Ho gir strukturrasjonaliseringa mykje av skulda. Store investeringar i fjøs og maskinpark setter bønder i høg gjeld. Høge utgifter krev stor produksjon for å gi lønsemd.


– Det blir som ein vond sirkel, meiner Kinn.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,