HØYR!

Vil ikkje selja hamnesiloen

10. januar 2020

Det blir feil å legga ned ein lagerkapasitet landbruket alt har hand om

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag reagerer negativt på at Felleskjøpet Agri vurderer å selja Stavanger havnesilo.

Sjur Håland

Moglegheita for beredskapslagring av korn og fôrråvarer i Stavanger kan dermed forsvinna, fryktar fylkeslaget. Felleskjøpet Agri kjøpte Stavanger havnesilo i 2014 for å hindra at siloen vart riven medan ein venta eit politisk vedtak om beredskapslagring. Vedtaket kom ikkje. Nå vil Fk-Agri selja og omprioritera.

– Det blir feil å legga ned ein lagerkapasitet landbruket alt har hand om, seier leiaren i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, Stig A. Helgesen.

Helgesen fryktar at lagerkapasiteten for korn og fôrråvarer vil bli kraftig svekka på heile Vestlandet om Stavanger havnesilo, som er eit av Nord-Europas største kornlager, blir selt. Han peiker på at landbruket fram til nå har stått samla om behovet for beredskapslagring av korn i Norge, og held fram at behovet for meir korndyrking også inkluderer Rogaland.

– I ei pressemelding held de fram at landbruket treng Stavanger havnesilo som eit element i ein framtidig strategi for å styrka kornproduksjonen i fylket. Vil de kanaliseringspolitikken til livs? Kvifor dyrka meir korn i Rogaland?

– Me vil ikkje kanaliseringspolitikken til livs. Men hugs at også Felleskjøpet har antyda at det er rom for å auke kornproduksjonen i Norge med 5-800.000 dekar. Skal me greia det, saman med målet om å dyrka meir frukt og grønt, blir det naudsynt å leggja om og gjera det lønsamt å nytta areal til anna enn gras, også på Jæren og i Rogaland elles.

Helgesen er ikkje imot bygging av beredskapslager til korn nær produksjonsområda, slik Felleskjøpet Agri skisserer i sine planar.

– Men me må også sjå heilskapen. Stavanger havnesilo ligg i landets største husdyrfylke og er sentralt med tanke på totalberedskapen vår, seier han. Beredskap handlar om å vera førebudd på det ein ikkje kan førebu seg på, understrekar Helgesen.

– Me veit ikkje kva framtida vil bringa av beredskapsmessige utfordringar. Stikkord kan vera krig og naturkatastrofar. Å ha ei desentralisert lagring av i det minste fôrråvarer vil vera viktig. Me kan ikkje berre basera oss på at alt me treng skal fraktast på hjul over store avstandar til ei kvar tid.

Å mista kornsiloen vil vera eit stort tap, understrekar fylkesleiaren.

– Det er ikkje det at eg trur landbruket i Rogaland vil gå til grunne om me mister dette lageret, men eg er uroa. Me har så lett for å tenka kortsiktig. Landbruk og matproduksjon handlar om lange perspektiv. Nå skjer det mykje kring forsking og utvikling av eigenproduserte proteinråvarer. Eg ser at det vil vera nyttig også i det perspektivet at me brukar kornsiloane i Stavanger til det dei vart bygde for.

Helgesen meiner å sjå signal som peikar mot at stortinget vil re-etablera beredskapslagring av korn.

– Om ikkje før, så kanskje etter neste val. På bakgrunn av dette bør me også utfordra Staten til å vera med og bidra økonomisk for å halda ved like lagerkapasiteten i Stavanger, seier han.