Me kan skvisa meir or graset
Den glimrande vekstsesongen 2019 har prova at grasdyrkarane på Sør-Vestlandet kan omsetja protein- og energirikt plantemateriale til høgverdige produkt av mjølk og kjøt, med minimale kraftfôrmengder attåt. Denne glade bodskapen treng også forbrukarane å få. Opinionen blir stadig meir opptekne av bærekrafta i det norske grasbaserte landbruket. Men bodskapen treng, om han er aldri så kjent frå før, også å vidareformidlast i eigne rekkjer. Mindre marginar aukar behovet for å skvisa fleire kroner ut av drifta neste år. Det er meir å henta hjå dei fleste på å spissa agronomien på bruket.
Etter kvart som våren 2019, med godvêr til overs, gjekk over til sommar, trekte bøndene på Sør-Vestlandet eit lettelsens sukk. Endeleg skulle me få eit etterlengta normalår. Med unnatak av dei som vart råka av myrstankelbeina sine herjingar, fekk vekstsesongen ein pang-start. Kanskje det aller beste med sesongen er at det har vore mogleg å gjennomføra våronn og seinare grashaustingar utan å øydeleggja den overmåte viktige jordstrukturen.
Nå er det berre enkelte spreidde flokkar med sauer og lam som beitar litt på dagtid. I det me har bikka desember med ei lita veke, står husdyra inne og nyt godt av grovfôravlingane som var jamt over gode både i mengde og kvalitet. «Godt grasår», seier bøndene, og smilar. Sesongen har kvittert med gode avlinger, også for dei som nyttar jorda til andre produksjonar enn gras.
Flinke grasdyrkarar med frisk, ugrasfattig eng og god jord, har gjerne hausta fem rundballar per dekar gjennom sesongen. Dei beste her har dermed sikra seg kring 900-1000 fôreiningar vinterfôr per dekar fordelt på tre eller fire slåttar. Smakleg fôr med store avlingar og god kvalitet er essensielt for å dekka mesteparten av fôrbehovet til små- og storfe. Ein energikonsentrasjon på rundt 0,90 FEm per kilo tørrstoff minimerer behovet for kraftfôr.
Me kan ta eit enkelt døme. Greier du gjennom auka grovfôropptak å erstatta to kilo med kraftfôr per dag til ei mjølkeku, snakkar me om kring 2000 kroner i reduserte kraftfôrutgifter per ku i året. I ei stor besetning med oksar og kyr kan produksjonen oppretthaldast og svære summar til kraftfôr sparast. Men då må du vita kva som ligg på fôrbrettet.
Ei spørjeundersøking, utført blant norske mjølkeprodusentar av AgriAnalyse i 2017, avslørte at nær 35 prosent av bøndene var usikre på eige avlingsnivå. I den påfølgjande rapporten kjem det fram at berre 40 prosent av norske mjølkeprodusentar utnyttar moglegheita som ligg i å kvalitetssikra arbeidet på jordene gjennom årlege fôrprøvar.
Tala indikerer at det framleis er mange som kan skaffa seg oversikt over produsert fôrmengd og -kvalitet. Å ta i bruk potensialet på dei ulike skifta, og å utnytta eigenprodusert grovfôr maksimalt, er avgjerande viktig for botnlinja. Med auka kostnadar, redusert mjølkekvote, press på lønsemda og full merksemd på klimautfordringar og miljø, har me ikkje råd til å la graset veksa vilt.
Sjur Håland