image description

 

DET BØR IKKJE OVERRASKE nokon at tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet, som nyleg blei lagt fram av regjeringa Solberg, er farga av Høgre /Frp politikk. Erna og Siv vil sjølvsagt setja ut i livet den politikken dei har gått til val på. Faglaga i landbruket og dei politiske partia med ambisjonar om å føra vidare grunnlaget for gjeldande landbrukspolitikk går ei travel tid i møte. I søkkrike Norge, er kutt i offentleg støtte til landbruk og tollreversering, meir grunna i ein ideologisk verdikamp, enn landet sin økonomiske situasjon. Styresmaktene skyv forbrukarane føre seg i argumentasjonsrekka for billegare mat. Forbrukarundersøkingar kan sanneleg så tvil rundt slike argument. Trygg norsk mat, kvalitet og sikker matforsyning skårar tydelegvis høgare hjå folk flest, enn hjå dei som har innteke regjeringskontora.
KORTVERSJONEN av den nye landbrukspolitikken finn vi i regjeringserklæringa. Om dei skisserte tiltaka i erklæringa blir materialiserte på jordbruksområdet, har vi bare sett den spede byrjinga av eit komande hamskifte, regjeringa har meir i erme. Europaminister Vidar Helgesen varslar no Stortinget om eit regjeringsinitiativ overfor EU om reversering av tollgrepet. Om utspelet ikkje blir stoppa i stortinget, er dette dramatisk for landbruket.
SÅ LENGE JORDBRUKSAVTALEN ER VERNA, er dei budsjettmessige kutta for jordbruksområdet moderate. Regjeringa la fram eit budsjett med ein reduksjon på budsjettet til Landbruks- og matdepartementet på 101,5 mill. kroner. Det meste av kutta er på forsking, utvikling og statlege institusjonar. Å redusere støtta til forsking og utvikling harmonerer dårleg med regjeringa si uttalte målsetting om å legge til rette for kompetanseutviklande tiltak i landbruket.
Etter budsjettforliket med Venstre og KrF er midla til forsking og utvikling(FoU) i stor grad ført tilbake. Regjeringa bør likevel vera klar over at føreslåtte kutt, i tillegg til å svekka landbruket, er svært uheldig for dei som satsar ei framtid på forsking og utvikling. Kven vil prioritere FoU-arbeid i landbruket med slike signal?
DET MEST OVERRASKANDE i statsbudsjettet finn vi i skatteskjerpinga for landbruket, stikk i strid med regjeringsplattforma, som seier at regjeringa vil bruke målretta skatteendringar for å styrke bonden sin økonomiske stilling. Eit døme er auken i jordbruksfrådraget no blir reversert, med eit forventa utslag på 22 mill. kroner kroner for bøndene.
DETTE ER LIKEVEL FOR SMÅPENGAR Å REKNE, i forhold til konsekvensane av å redusere mulegheita for verdioppskriving ved eigarskifte, som er ein konsekvens av fjerning av arveavgifta. Det er som “å gi ei krone med eine handa og ta tilbake 100 kroner med den andre”, skriv Martin Svebestad i sist Bondevenn. Det nye regelverket vil gi store negative økonomiske utslag for dei unge som skal inn i næringa. Ved at mulegheita for å skriva opp verdiar for maskinar, buskap og varelager forsvinn, råkar ordninga sterkast nye eigerar på bruk i aktiv drift.
Vi forventar at regjeringa, i revidert statsbudsjett, fjernar eller kompenserer for dei utilsikta økonomiske konsekvensane ved fjerning av arveavgifta, jfr. budsjettforliket.
OG HER ER VI VED KJERNEN av den dagsaktuelle landbrukspolitiske situasjonen; politiske utspel må kvalitetssikrast før dei blir set i verk; kva blir konsekvensane? Difor det store ropet frå landbruksnæringa om dialog, kunnskap og forutsigbarhet. Bøndene har ikkje råd til å vera prøvekaninar for “døgnflugepolitikk”.