HØYR!

Stolar ikkje på Mattilsynet

15. november 2019

Det verkar som om nokon har hatt ein agenda under nokre inspeksjonar.

Margrete Dysjaland stolar ikkje på at inspektørar i Mattilsynet seier ifrå til arbeidsgjevar dersom dei er medlemmar i dyrevernsorganisasjonar. Ei innskrenking av organisasjonsfridomen deira bør vurderast, meiner FrP-politikaren.

Bothild Å. Nordsletten

I juni bad Stortinget regjeringa om å gjennomføre ei uavhengig gransking av Mattilsynet (MT). Fristen for å gi innspel gjekk ut 10. november. Ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå landbruket, organisert av FrP-politikar Margrete Dysjaland, er blant dei som har gitt innspel. I eit av punkta heiter det:

«Det er svært uheldig at inspektører i Mattilsynet kan være medlemmer i dyrevernorganisasjoner. De har lett en agenda som går på at alle dyr i fangenskap er brudd på dyrevelferden. De må kunne forholde seg til lover og forskrifter på en objektiv måte. Dette bør derfor ikke tillates.»

– Har arbeidsgruppa fått tilbakemeldingar om at MT-tilsette er medlemmar i slike organisasjonar?

– Ja. Fleire enn ei. Men berre ei, er ei for mange, seier Dysjaland.

– Har arbeidsgruppa bevis for å hevda dette?

– Ja, me har bevis.

– Kva for nokre organisasjonar er det snakk om?

– Det er to organisasjonar som utmerkar seg. Noah og Dyrevernalliansen.

– Men Dyrevernalliansen er ikkje imot dyrehald?

– Nei, men Noah er det.

– I kva grad trur de dette kan ha hatt noko å seia for måten bønder har blitt handsama på under inspeksjon?

– Eg trur diverre det kan ha hatt mykje å seia, svarar Dysjaland.

– Det verkar som om nokon har hatt ein agenda under nokre inspeksjonar. I Rogaland og andre stader – me har fått tilbakemeldingar frå heile landet.

– Tilsette i Mattilsynet pliktar allereie å forholda seg til etiske retningsliner for statstenesta og til forvaltingslova i spørsmål om tillit og habilitet. Stolar de ikkje på at dei gjer det?

– Nei, og det har me fått konkrete døme på. Både når det gjeld MT-tilsette si plikt til å legitimera seg, og plikta deira til å opplysa bøndene om retten deira til å ha med seg vitne.

– Me har organisasjonsfridom i Noreg. Korleis vil de utforma eit forbod mot at MT-tilsette er medlemmar i dyrevernsorganisasjonar?

– Det blir komplisert, men ein kan iallfall ikkje ha folk med tilknyting til organisasjonar som ynskjer å leggje ned dyrehald til å gå på inspeksjonar. Det strir mot all sunn fornuft og mot rettstryggleiken til bøndene. Me må sjå på innskrenking av denne organisasjonsfridomen, for det viktigaste er rettstryggleiken til den svake part, altså til bøndene og brukarane av MT sine tenestar. Og den har ikkje blitt ivaretatt.

Granskingsrapporten skal vera ferdig 10. desember.