BN+

Ein viktig ressurs: Me treng både fjellbeite og sommarmjølk – utfordringa er korleis det kan kombinerast betre. Illustrasjonsfoto.


Tine må ha meir mjølk om sommaren og freistar eigarane med høg mjølkepris, men bøndene i Indre Sogn vil ikkje gje slepp på beiteressursane i fjellet.


Liv Kristin Sola

Tine har lenge varsla behov for meir sommarmjølk. Så langt ser det ut for at samvirket ropar til døve øyrer.

– Om me held fram med denne utviklinga står me i fare for å ha for lite mjølk sommaren 2021, åtvarar Marit Haugen, styreleiar i Tine.

I lag med Per-Sigve Lien, medlemssjef i Tine, besøkte styreleiaren Vestlandet i midten av oktober, blant anna for å forklare alvoret i situasjonen og motivere til innsats. Bondevennen var til stades då Tine-leiarane møtte bøndene på Hafslo i Indre Sogn.

Sommardumpen

Nyleg starta Tine Prosjekt sommarmjølk, eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane, som gjennom produsentlag og rådgiving skal jobbe for å finne løysingar for å auke delen sommarmjølk. Erfaringane vil dei nytte i resten av landet.
Faktum er at alle dei fire områda i Tine har ein «dump» i leveranse i tredje kvartal, men «sommardumpen» er djupast på Vestlandet, spesielt i Sogn og Fjordane, og spesielt i Indre Sogn. Kvifor det er slik er ikkje vanskeleg å skjøne. Drifta er tilpassa små bruk, mange har lite dyrka og dyrkbart areal og området har spesielt gode fjellbeite. Ressursar bøndene korkje kan eller vil gje slepp på, slik Bondevennen oppfatta stemninga på møtet i Hafslo. Tine-rådgivar Jo Helge Sunde leiar prosjektet. Han viste statistikk kor Sogn og Fjordane leverer 15,6 prosent av mjølka i tredje kvartal. Historisk har det vore slik at område som Rogaland har hatt vårkalving og levert mykje sommarmjølk, ifølgje Sunde. No er talet 22,7 prosent, noko som er under målet om 25 prosent, også for Rogaland.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,