HØYR!

Kvinner, møt opp!

1. november 2019

Foto: Rogaland Bondelag

Me slit fordi damer vel annsleis

Etter å ha opplevd å vera einaste kvinne på eit lokallagsmøte, vil leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, ha fleire damer på banen.

Bothild Å. Nordsletten

– Kvinnedelen var vel som normalt, ein stad mellom 10-20 prosent, seier Epletveit.

Tida for årsmøte i Bondelaget sine lokallag går mot slutten. For fylkesleiar Marit Epletveit har det blitt nokre møtekveldar. Konklusjonen er at svært få kvinner møter opp.
Frustrasjonen over å ha vore einaste kvinne på eit av møta, vart nyleg til eit hjartesukk på facebooks-sida Nettverk for kvinnelege bønder, eit hjartesukk som hausta fleire solidariske kommentarar. For 10 -20 prosent kvinneleg oppmøte er for lite, i forhold til delen kvinner som er aktive på bruka, meiner Epletveit.

– Kvifor slit me med dette kvinneunderskotet enno?

– Me slit fordi damer vel annsleis, seier Epletveit.

– Eg har gjort det sjølv i ein travel kvardag med små ungar. Då har eg ikkje hatt behov for møter på kveldstid, men heller prioritert å vera heime med barna.

– Kva tema risikerer å bli oversett dersom kvinnene ikkje er meir med?

– Velferdsordningane er noko av det kvinnene set høgast, og som blir diskutert minst. Så trur eg at berre det å skapa medvit om at det er mange måtar å driva ein gard på, er viktig. Og det er viktig å kjenna på samhaldet, oss bønder i mellom.

Epletveit meiner kvinnene treng eit dytt for koma seg på møte. Dei som kan prioritera tid utanfor hus og gard må motiverast.

– Dersom ungar er ein faktor som held kvinner frå å møta på kvelden, kvifor ikkje leggja møta til dagtid?

– Eg trur me ekskluderer fleire enn me inkluderer ved å gjera det slik. Sjølv på fylkesnivå i organisasjonen slit me med oppmøte på dagmøter. For fleirtalet trur eg framleis kveldsmøter er best. Av kommentarfeltet under nettinnlegget til fylkesleiaren å døme, tykkjest det å eksistere ei oppfatning av at Bondelaget opererer med A- og B medlemsskap, der kvinnene på bruket ofte ikkje vert innkalla til møtet. Det stemmer ikkje, seier Epletveit.

– Eg blir litt frustrert av dette. Bondelaget har ulike kontigenter etter kva type medlem du er, men alle har same rettar inn i årsmøte, lik rett til å vera representert og til å stemme.

Oppmodinga til fylkesleiaren er klar.

– Meld deg inn, og møt opp! Det er ikkje nok at andre på garden er med. Det du betalar er ikkje mykje i forhold til den tyngda me så kan visa til når me kjempar for landbruket i forhandlingar med staten og politikarane.