BN+

Meir ost og mjølk på bordet: Tine sin strategi for å styrke selskapet mot auka import, er innovasjon og auka sal av dei sju største og viktigaste varegruppene. Foto: Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no)


Tine er ikkje i krise. Men det blir krise innan 2025, om ikkje selskapet gjer endringar no, seier styreleiar Marit Haugen.


Liv Kristin Sola


– Ein blåmuggost frå Sælbu konkurrerer mot ein Castello frå Arla, verdas tredje største, og Europas største meieriselskapet. Det er konkurransen vi står i, seier Marit Haugen til bøndene som er samla på Hafslo i Luster, Sogn og Fjordane, torsdag i førre veke.


– Vi står i eit verdsmeisterskap – kvar dag. Korleis skal vi klare å vinne i denne konkurransen? spør styreleiaren.


Ho prøver sjølv å svare. - Tine er ei av Norges sterkaste merkevarer. Tine nyt stor tillit i befolkninga. Vi har råstoff i verdsklasse, god dyrevelferd og kan dokumentere at vi har verdas beste dyrehelse.


– Og vi har oss. Kven vi er som Tineeigarar og at vi er til stades over heile landet, det er vår styrke. Mål før 2025 Tine sin jobb er å foredle og selje mjølk på vegne av eigarane. Mjølka har ingen verdi før den ligg i ei handlekorga.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,