Driftig bonde: Anita Øvregård er bonde på fulltid, og med god hjelp frå mannen Tore Øvregård har ho laga seg eit livsverk av mangesysleri. Ho har blitt prisa for sin innsats med Landbruket i Rogaland sin heiderspris 2018.
Det begynte med eit kurs i takkebakst, no sel Anita Øvregård flatbrød til både butikk og gardsutsal. Men baking er langt frå det einaste denne bonden kan.
Jofrid Åsland, frilansjournalist
For 17 år sidan overtok Anita og Tore Øvregård ein liten gard etter Tore sin bestefar. Dei hadde fått spørsmål om dei ville overta garden og blåse liv i den sovande mjølkekvoten. Ingen av dei hadde mjølka ei ku eller budd på gard, men takka ja. Slik byrja ei historie om mangesysleri.
PORTRETT
Kjerringa med baksten
– Det var ein kjempestor overgang å flytte frå byggefelt i Haugesund til garden her på Imsland i Vindafjord, men eg har alltid likt å jobbe og vere saman med dyr, seier Anita.
Ho har på seg ein blå kjole i retrostil og panneband i same sjanger. Stilen er nemleg ein del av varemerket hennar. I ein gamal Volvo Amazon reiser ho rundt og leverer flatbrød sommarstid.
– Det er det same kor du kjem frå dersom du har lyst til noko, understrekar Anita.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.