Valet er over, folket har talt. Regjeringspartia, og dei såkalla styringspartia Arbeiderpartiet og Høgre, fekk seg ein kraftig smekk. Dei har ikkje evna å svara klårt nok på folk sin frustrasjon over sentraliseringa, auka skilnadar og klimaendringane – utviklingstrekk med (over-)nasjonalt utgangspunkt, men med høgst lokale konsekvensar.

Lite tyder på at denne utviklinga vil stoppe. Analytikarane har nok rett når dei spår ei varig endring i det politiske landskapet vårt, slik me også ser store endringar i partioppsluttinga i resten av Europa.

Med ønske om kursendring gjekk mange stemmar til Senterpartiet og Miljøpartiet dei grøne, samt til små parti på venstresida og Folkeaksjonen nei til meir bompenger. Regjeringspartia og Ap gjer seg sjølvsagt sterkt gjeldande ute i lokalsamfunna enno, men må på ein ny måte forholda seg til kva veg vindane bles.

Landet over førebur no ferske så vel som røynde politikarar seg på å forma lokalsamfunn og fylke dei neste fire åra. Kva konsekvensar nye ordførarar, kommunestyre og utval får for jordbruket er enno for tidleg å seia, men det er gledeleg å notera at matproduksjon generelt og jordvern spesielt stod på dagsorden fleire stader under valkampen.

Nokon må minna representantane om kva dei lova. Og nokon må syta for at dei forstår den viktige rolla som bøndene spelar for økonomien, mattryggleiken, miljøet og kulturlandskapet rundt oss. Her treng nok både nye og attvalde politikarar litt skulering. Ingen er betre posisjonert til å gjera dette enn dei lokale bondeorganisasjonane. No er tida for å invitera seg sjølv inn på rådhuset, eller be ein politikar heim til gards.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum satsa på samtalar over kaffikoppen i valkampen. Den strategien er det ingen grunn til å gi opp. Det viste seg å vera ei vinnaroppskrift.

 

Bothild Å. Nordsletten