Grønt: Wegard Qvalbein med sonen Mads på armen. Familien må slutta med pelsdyr og vil dyrka grønsaker på sandjorda si. Å få kontrakt er vanskeleg.
Wegard Qvalbein vil gjerne starta opp att med grønsaksproduksjon på garden. Det er lettare sagt enn gjort.
Sjur Håland
– Om Olaug Bollestad og resten av regjeringa vil satse på grønt, burde dei undersøkt kva som må til for å få auka mangfald og fleire produsentar på banen i staden for å besøkja dei store aktørane som alt er godt etablerte, seier Wegard Qvalbein.
Les også: Vanskeleg å etablera seg med grøntproduksjon
Wegard og kona, Ann Qvalbein, driv med mjølkeproduksjon og har satsa tungt på pelsdyr. Garden deira, på Kvalbein i Hå, har lett jord, og er særs godt eigna til grønsaksdyrking. Kampen for å få behalda pelsdyrproduksjonen er tapt. Wegard er usikker på kva som blir vegen vidare på den 450 dekar store garden.
– Trendane snur. Nå er det snakk om bacon og hamburgarar produsert i laboratorium. Eg må innrømma at lysten til å satsa vidare med tradisjonell husdyrproduksjon er liten.
Vanskeleg øving
I staden har dei vurdert grønsaksproduksjon, noko dei dreiv med tidlegare på garden. Men å koma inn i laget saman med produsentane som alt har kontrakt med grossistane, har synt seg å vera ei vanskeleg øving.
– Eg har vore i kontakt med mange aktørar innan denne næringa. Svaret frå alle, blant andre Gartnerhallen, er det same. Dei har nok, det er ikkje behov for fleire produsentar – og dersom det er behov for auke, vil dei produsentane dei alt har i sine lister, bli prioritert.
Qvalbein har likevel søkt om medlemsskap i Gartnerhallen.
– Så er namnet mitt i det minste i systemet dersom det skulle dukka opp ein moglegheit.
– Har du vurdert å starta grønskasproduksjon med alternativ omsetning av produkta, som eige utsal eller omsetning gjennom medlemsskap i Reko-ring?
– Det har eg ikkje vurdert. Denne marknadskanalen blir for liten. Ei omlegging frå husdyrproduksjon til grønsaksdyrking hjå oss vil vera krevjande på mange måtar. Eg greier ikkje å sjå at eit lite utsal ved hovudvegen kan sikra inntekt for familien og forsvara investeringane, illustrerer han.
Slik det er i dag, blir dei store produsentane større, medan delen av leigejord samstundes aukar. Den trenden samsvarer lite med klimamål og regjeringa si grøntsatsing, og er eit stort paradoks, i følgje Qvalbein.
– Det blir stadig meir leigejord. Eg kjenner mange i mitt område som kunne tenkt seg å heller produsert grønsakene sjølv på sine kombinasjonsbruk i staden for å leiga ut jord til dei store aktørane.
Ikkje håplaust
Arve Gladheim, organisasjonssjef i Gartnerhallen, er ikkje samd i at dørene er stengde for nye produsentar. Han held fram at det i årets jordbruksavtale er løyvd fleire millionar kroner til grøntsektoren.
– I denne satsinga ligg også rekruttering av nye produsentar. Men me må heile tida auke produksjonen og ta inn nye produsentar i takt med auka behov i marknaden.
– Så det er ikkje håplaust for nye produsentar som vil inn i næringa?
– Nei, det er det ikkje. Me håpar og reknar med at andelen frukt og grønt produsert i Norge, som nå ligg kring 50 prosent, vil auka i tida som kjem.
Gladheim meiner at det tar litt tid å endra forbrukartrendane og snu marknaden.
Arve Gladheim.
Foto: Gartnerhallen.
– Me har stor tru på at det vil bli behov for fleire produsentar i tida som kjem, men rekrutteringa må planleggjast og heile tida vera tilpassa marknaden.
– Så dei som vil inn i systemet må ta kontakt med Gartnerhallen?
– Ja, dei må ta kontakt. Det er ikkje sikkert dei får svaret dei ønskjer i første omgang, men me får kartlagt interessa og tar vare på dei som melder si interesse.
Gladheim vedgår at mange produsentar som alt har kontrakt, gjerne vil auka sin produksjon.
– Men det skal ikkje vera til hinder for at nye produsentar kjem inn i marknaden. Me treng å fordela produksjonen over større geografisk område på fleire produsentar. Det har også med sikkerheit å gjera. I tillegg er det viktig med gode produsentmiljø, og at produsentane har kvalifikasjonar for å lukkast.