HØYR!
Vil redusere grunnkvotane
Dette er eit kollektivt ansvar.
– Ein reduksjon av grunnkvotane vil ikkje generere omsettingsavgift all den tid staten eig kvoteordninga for mjølk, seier Per Ådne Skårland.
Liv Kristin Sola
– Mjølkevolumet skal reduserast med kring 100 millionar liter. Kostnadane må fordelast på alle produsentar over heile landet, både passive og aktive. Då er me best tent med å regulere ned grunnkvotane tilsvarande det volumet som skal ut av produksjon, meiner Per Ådne Skårland, mjølkebonde i Time kommune på Jæren.
Han stiller spørsmål til om løysinga med redusert forholdstal og utkjøp av kvote er det beste for dei aktive mjølkeprodusentane.
– Aktive produsentar må ikkje belastast med heile rekninga for utkjøp av kvote når me allereie har eit lovverk som er laga for å regulerer produksjonsvolumet.
Skårland viser til at kvoteordninga er verktøyet som skal innrette produksjonen til etterspurnaden i marknaden, og at forholdstalet er meint å regulere midlertidige svingingar i behovet for mjølk. Ei permanent nedskalering av mjølkekvotane bør gjerast ved å regulere ned grunnkvotane. Dette kan staten gjere utan å påføre næringa kostnad.
– Går næringa for utkjøp av kvotar, redusert forholdstal og uendra reglar for kvoteleige, kan me risikere ein situasjon med 50-60 øre i auka omsettingsavgift, inga auke i mjølkeprisen og null etterbetaling. Det vil i praksis redusere mjølkeprisen med minst ei kroner. Med varsla renteauke i tillegg blir dette svært krevjande, åtvarar Skårland.
– Dette er eit kollektivt ansvar. Alle kvoteeigarar må ta sin del av reduksjonen. Då kan me ikkje lage smotthol som gjer det mogleg å hanke inn kvote tilsvarande reduksjonen. Det vil undergrave nedjusteringa og påføre fellesskapet unødig store kostnadar, seier Skårland
Han meiner at bønder som avviklar drifta i denne perioden har to val; la kvoten sove eller selje til staten til dagens pris. I tillegg bør nyetablering av leigekvotar frysast midlertidig.
– Kvotar som ikkje generere mjølkesal har null verdi og skal heller ikkje vere omsettelege, meiner Skårland.
– Med desse tankane blir det mest umogleg for dei som vil investere i nye fjøs og treng kvote for å realisere prosjektet.
– Ja, eg ser ikkje rom for tunge investeringar og produksjonsauke i nedskaleringsperioden, dessverre. Det vil vere uansvarleg å motivere bønder til å sette seg i stor gjeld på grunn av store investeringer, medan økonomien er så uføreseieleg.
Han legg til at dersom marknaden ikkje vert stabilisert vil produksjonen måtte reduserast ytterlegare.
– Dersom avtalepartane evnar å sette i verk dei tiltaka som kravst, bør det styrke næringa og gjere økonomien meir robust på lengre sikt. Samstundes gir det eit sterkt signal om at verdien av kvotane må henge saman med økonomien i produksjonen.
Til dei som trur dette ikkje lar seg gjennomføre, har Skårland ei klar melding:
– Staten er kynisk til fingerspissane. Med eit pennestrøk raderte dei ut ei lovleg næring (pels), utan å bry seg om juss. Dette handlar berre om politisk vilje, seier Skårland.