Bønder: Sigrid og Magne I. Undheim har vore travle bønder sidan først på 1970-talet. Nå gler dei seg over at barnebarnet, Eirin Undheim, vil overta.
Grunna helseutfordringar har familien Undheim valt å hoppa over ein generasjon. Nå har barnebarnet, 20-åringen Eirin Undheim, blitt ein del av arbeidsstyrken på garden.
Sjur Håland
Nytt mjølkefjøs er i planfasen. Grunna fjell, haug og hammar må nyfjøset liggja nærare hovudvegen enn det ideelt sett burde gjort. Nå har Statens vegvesen sagt ja. Det same har Eirin. Ho skal bli den neste bonden på Kartevoll.
– Eg er vel ikkje så ulik mange andre. Det var vanskeleg å velja kva utdanningsløp eg skulle satsa på. Men eg bestemte meg til slutt for landbruksutdanning, det har eg ikkje angra på. På KVS-Lyngdal bestemte eg meg for å bli bonde, seier Eirin.
Flink med dyr
Fram til ho er klar for å signera gardsoverdragingskontrakten, er det besteforeldra som eig garden. Dei gler seg over Eirin.
– Ho er svært flink med dyr, kjenner slektene langt bakover og hugsar detaljar om enkeltdyr frå lang tid tilbake, seier farmor, Sigrid Undheim, om barnebarnet sitt.
– Det er enormt gildt at Eirin vil ta over. Ho har ikkje blitt skræmd av alt arbeidet som følgjer med. Nå skal me berre leggja til rette for at ho får meir trening på traktorane, legg farfar, Magne I. Undheim, til.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.