Skjebnetimen nærmar seg for pelsdyrnæringa. Til no har regjeringas prosess mot landets snautt 170 pelsdyrbønder vore ei tragisk oppvising i politisk ryggesløyse.
Etter planen skal forslaget om avvikling om kort tid opp i Stortinget. Bøndene blir tilbydd magre 510 millionar i ymse kompensasjonsordningar. For erstatning føreslår ein å ta utgangspunkt i såkalla nedskrivne, bokførte verdiar. Diverre har desse ofte lite med dei verkelege verdiane på bruket å gjera.
Reknestykket for verksemda til Ove Oftedal og sonen Bengt, i Sola kommune, utgjer eit grelt døme på kor villfaren regjeringa er i denne saka. Farmen er taksert til 12 millionar, men bokført til 1,3. Riving av bruket kostar 2,4 millionar. Bøndene risikerer å bli sittande att med 100.000 kroner, dersom dei må stenge ned. Erstatning blir då eit meiningslaust ord. Hån og straff verkar meir treffande.
Ei slik handsaming av heiderlege næringsutøvarar er ikkje Noreg verdig. Saka slit kraftig på tilliten mellom styresmaktene og landbruket, også utover pelsdyrnæringa – ein tillit det vil ta lang tid å reparera.
FrP og KrF er eit pinefullt syn der dei stotrande freistar å bortforklara korleis dei og Høgre kunne gi etter for vesle Venstre si insistering på pelsavvikling. «Høgre, KrF og FrP bør langskjemmast», kommenterer leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, i denne vekas Bondevennen. Me sluttar oss til oppmodinga.
Senterpartiets Geir Pollestad tilbyr regjeringspartia ein redningsplanke dei bør gripa: Å trekka saka, for så å koma attende til Stortinget med tilbod om full erstatning. Dersom regjeringa ikkje tek seg råd til det, bør dei lata næringa leve vidare.
Bondevennen vonar regjeringspartia har skamvit nok til å snu.
Bothild Å. Nordsletten