BN+

Velkommen: Jan Maldal t.v, Olaus Kvål og Torgeir Erfjord er klare til å ta i mot alle som vil inn og sjå Formelfjøset på opningsdagen.


Felleskjøpet har bladd opp 22 millionar kroner for Europas mest moderne forsøksfjøs midt i matfatet på Jæren. Formelfjøset på Klepp skal bidra til å optimalisere fôringa i ditt fjøs.


Sjur Håland


I nær framtid kan du få skreddarsydd kraftfôr til dine mjølkekyr til ei kvar tid gjennom året. Vil du sjå det avanserte mjølkefjøset med eigne auge, får du éi anledning. Mellom 13.00 og 16.00 på opningsdagen 28. mars, er dører og portar vidopne for alle som vil sjå. Men så blir dørene stengt.

Forsøksfjøs

– Då er det berre garden sine folk og dyra som har tilgjenge til fjøset. Smittevernregimet er temmeleg strengt. I tillegg vil dei avanserte forsøka vera til hinder for at folk kan koma på besøk. Dette er eit forsøksfjøs, ikkje eit visningsfjøs, forklarer prosjektansvarleg, Jan Maldal, frå Felleskjøpet Rogaland Agder, som har følgt byggeprosessen sidan første spadetaket vart teke i mai 2018.


Uteanlegget er klargjort for asfaltering. Fem elektrikarar er i sving i fjøset. Boremaskinar hamrar i ny betong. Arbeidsfolk spring til og frå. Det er få dagar før opninga, hektisk aktivitet og ei lettare nervøs stemning blant dei som er ansvarlege for at alt er klappa og klart når konsernsjefen i Felleskjøpet Agri, Jon Arne Ulvan, klipper snora. Den høgtidelege opninga symboliserer også at Felleskjøpets Forsøks- og Stamsædgård, Klepp, byter namn til Felleskjøpets Forsøksgard, Klepp. Fjøset blir heitande Formelfjøset, medan grisehuset på garden skal heita Formatfjøset.

Fellesprosjekt

Det er Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) som formelt eig gard og bygningar og som driv garden, medan Felleskjøpet Fôrutvikling har ansvar for, og gjennomfører, forsøka. Dette selskapet er eigd av FK-Agri (2/3) og FKRA (1/3).

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.