Svineprodusentane har levd med store økonomiske svingingar i fleire tiår. Den neste oppturen ser framleis ut til å ligge langt framme. Svinenæringa representerer kring 130.000 tonn svinekjøt, 52.000 purker og 2.400 svineprodusentar. Tala er for høge, produksjonen er for stor. Forbruket av svinekjøt har stagnert, samstundes med at avlsframgang og dyktige produsentar har bidrege til ein effektivitetsauke som nærmar seg éin imponerande prosent årleg.
Det er for mykje gris her i landet. Dessverre. Marknadsregulatoren, Nortura, tek no til orde for å innføre ei kompensasjonsordning til smågrisprodusentar som vil avslutte produksjonen. Tiltaket er kraftig lut, men ei turvande redningsbøye til dei som sit med store grisehus, nær raudfarga rekneskapstal og maks-press på driftskreditten.
Marknadsregulering er naudsynt for å sikre balanse i marknaden og best mogleg inntekt for produsentane. Reguleringstiltaka er finansiert gjennom omsetningsavgifta, ei avgift som svineprodusentane sjølv betalar for – gjennom trekk i oppgjeret frå slakteriet.
Diskusjonane om korleis desse omsetningsmidla best kan nyttast, har vore ein gjengangar der svineprodusentane sine tillitsvalde har vore samla. Norsvin og marknadsregulator Nortura har hatt vektgrensereduksjon som ein strategi for å stabilisere produksjonen på eit ønskt nivå. Prognosane for 2014 syner ein overproduksjon på 5.100 tonn. Det er ein klar indikasjon på at ein friviljug, kompensert vektreduksjon ikkje har vore nok til å demme opp for flat salskurve og effektivitetsauke hjå produsentane.
Ein kompensasjon til smågrisprodusentar som ønskjer å slutte, ser ut til å bli neste lekk i forsøket på å få svineproduksjonen under kontroll. På papiret kan dette vere ei grei ordning – i alle fall på kort sikt. Kjem så marknaden i balanse att, eller kjem ein i ein situasjon med underdekning, blir det om og gjere å hindre at økonomien ikkje blir for god. For å unngå nye, tunge rundar med overproduksjon. Å regulere svinemarknaden er ikkje lett.
Om kompensasjonsordninga blir vedteken, er det ikkje vanskeleg å spå at det er dei mindre produsentane som vel å sløkkje lysa for godt i grisehusa. Mange av dei mindre svineprodusentane finn vi i distrikta. Dette er gjerne bønder som driv med fleire produksjonar, som har fleire bein å stå på for å kunne leve av garden sin. Sett litt på spissen, kan vi gjerne hevde at det er distriktsgrisen som no står i fare for å bli slakta for å berge produsentane med store anlegg og høg gjeld. Detaljane for ordninga skal no utarbeidast hjå Statens landbruksforvalting. Vi legg til grunn at det blir tekne regionale omsyn for å verne svineproduksjonen i distrikta.
– Alle moglege tiltak er vurdert, seier Nortura-direktør Jakob Simonhjell. – Alternativet til kompensasjonsordninga er framleis høg omsetnadsavgift og svært låge prisar framover, held han fram. Leiaren i Norsvin, Geir Heggheim, peikar på at effekten av ei kompensasjonsordning ikkje vil slå inn før tidlegast neste haust. – Fram mot den tid vil overproduksjon vere ei stor utfordring. Den kostnaden er det også næringa sjølv som må ta.
Fram til kompensasjonsordninga slår inn, er slaktevekta einaste verktøyet for marknadsbalanse og best mogleg oppgjerspris.
Det er eit tungtvegande argument for å følgje Norsvin si oppmoding om å framleis levere lett gris.
– Sjur Håland