HØYR!
Vestland Bondelag vil vega tungt
Innspel frå eit samla Vestland vil vega tungt rundt styrebordet i Norges Bondelag
To fylkeslag med kvar sine 3.600 medlemmar, skal etter alle solemerker finna i hop og samlast under eit mektig Vestland Bondelag, med 80 lokallag i ryggen.
Sjur Håland
– Det næringspolitiske arbeidet i regionen vil bli styrka, trur Bodhild Fjelltveit.
Regionreforma påverkar også organiseringa i Norges Bondelag. Eit utval har arbeidd sidan januar 2018 med spørsmål kring organiseringa av fylkeslaga i dei fylka som blir slått saman. Den endelege rapporten er no ute på høyring. Prosessen vil mest truleg enda med at Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag vil bli vedteke endra til Vestland Bondelag på årsmøtet i Norges Bondelag i juni.
Bonde Bodhild Fjelltveit er styremedlem i Hordaland Bondelag og første vara i Norges Bondelag. På Hordaland Bondelag sitt årsmøte neste helg, vil Fjelltveit innleia til debatt om samanslåinga.
– Kva er føremonene med ei samanslåing av fylkeslaga?
– Det næringspolitiske arbeidet er svært viktig. Bøndene treng å stå mest mogleg samla i arbeidet retta mot til dømes fylkeskommunen. Innspel frå eit samla Vestland vil vega tungt rundt styrebordet i Norges Bondelag, illustrerer ho.
Alternativet ville vore å halde fram med to fylkeslag, som kom med formelle uttalar gjennom eit felles arbeidsutval. Trøndelag har denne organiseringa nett no. Deira tilbakemelding tyder ikkje på at ei slik organisering er framtidsretta, i følgje Fjelltveit.
– Korleis vil du beskriva ulempene med Vestland Bondelag?
– Det nye fylkeslaget blir svært stort, med over 7.000 medlemmar og store geografiske avstandar. Organisasjonsarbeidet vil nok bli meir krevjande, medan det næringspolitiske arbeidet truleg vil bli styrka.
Fjelltveit erfarer at det er skil på Sogn og Fjordane og Hordaland. Medan bønder og lokallag i Sogn og Fjordane er tettare knytt til fylkeskontoret og arbeidet der, er hordalendingane sjeldnare innom kontoret i Bergen.
– Mange har vel gjort seg opp ei meining om kor fylkeskontoret skal liggja. Blir det bråk?
– He, he. Nei, det trur eg ikkje. Me i Hordaland understrekar at kontora i Bergen og Førde må drivast vidare, med eine kontoret som eit satelittkontor.
– Korleis er engasjementet blant medlemmane i saka?
– I Hordaland er tilbakemeldingane så langt at bøndene i nye Vestland treng å stå samla, og at ei samanslåing av fylkeslaga er vegen å gå. Om bondelaget skal driva organisasjonen med minst like stor påverknad som før framover, må me tenkje utanom den boksen som har vore.
Å finna og bygga opp aktive tillitsvalde og framtidas leiarar, kan bli ei større utfordring med eit større fylkeslag.
– Den utfordringa må me berre løysa. Så er det viktig å ta med at bondelaga i vest dei siste åra har blitt flinkare til å samla røystene inn mot Norges Bondelag. Nå blir me «tvungne» til å bli enda betre på det området, noko som er alt anna enn negativt, seier ho.