HØYR!
Vil ha eigne samvirkebutikkar
Eg trur tida er inne for å utfordra marknadssituasjonen
– Det nyttar ikkje å vere best på dyrevelferd, dyrehelse og rein mat, utan marknadstilgang, meiner bonde og samvirkeeigar Ådne Undheim.
Jane Brit Sande
Ådne Undheim, mjølkeprodusent og sauebonde på Undheim i Time kommune, meiner tida er moden for at landbrukssamvirka sikrar seg marknadstilgang gjennom eigne butikkar.
– Kampen for å få maten frå bonde til bord er hovedutfordringa til dei norske landbrukssamvirka. Varestraumen går gjennom dei tre store kapitalbasane: Norgesgruppen, Coop og Rema 1000.
– Det nyttar ikkje å vere best på dyrevelferd, dyrehelse og rein mat, utan marknadstilgang, held han fram.
Bonden meiner kjedene brukar makta si for å skvisa landbrukssamvirka, og på den måten gjere seg sjølv sterke.
– Dei promoterer først og fremst eigne merkevarer, og sit med enorm kunnskap om forbrukaren si åtferd. No pressar kjedene landbrukssamvirka på distribusjon også. Mistar landbrukssamvirka distribusjonsleddet i tillegg, vil det bli ei alvorleg svekking av posisjonen deira, og tungt å byggje opp att. Difor må vi handle no, seier han.
Undheim, som sjølv jobbar i Felleskjøpet, trekk fram FK sin hundemat som ei suksesshistorie.
– Hundemat var tidlegare ei vare som vart importert i stor skala. I dag har FK sin hundemat, som berre er til sals i FKbutikkane, heile 36 prosent av marknaden i Norge. Det hadde ikkje vore mogleg utan FK-butikkane som salskanal.
Visjonen til Undheim er at landbrukssamvirka skal starte eigne daglegvarebutikkar, og gå i konkurranse med dei eksisterande kjedene. Det skal vere mogleg å få tak i både knekkebrød og sjampo i samvirkebutikkane.
– Alt av varer som landbrukssamvirka kan tilby, skal dei kunne selje sjølve, presiserer han.
Undheim veit at det finns motargument mot eit slikt forslag.
– Det er sjølvsagt ein risiko ved dette òg. Men ingen har blitt fattige på å selje mat, i alle fall ikkje dei siste 20 åra, seier han.
– I dag bruker Tine mykje pengar på å sikra norsk merkevare utanlands. Eigne butikkar vil sikre merkevaren på den norske markanden. Eg trur tida er inne for å utfordra marknadssituasjonen. Slik det er no, blir landbrukssamvirka skvisa, seier Undheim.
Bonden meiner at landbrukssamvirka skal halde fram med å serve daglegvarekjedene, slik som i dag.
– Men med eigen plass i marknaden i tillegg, vil våre eigne butikkar sikra varestraumen, økonomien til bonden og norsk mat til forbrukaren, seier han.