Dyrehelsa i Noreg er i toppklassen. Friske dyr sikrar oss god helse, trygg, sunn mat og er bra for både klima og økonomi. I ei verd der menneske, produksjonsdyr og sjukdommar kryssar landegrenser i stadig raskare tempo, skulle ein tru det var opplagt å ivareta grunnleggjande beredskapsfunksjonar som Veterinærinstituttet. Over heile landet. Koste kva det koste vil.
Og det kostar ikkje så mykje. Svært lite, faktisk, sett i forhold til kva eit virus som slår ut svinenæringa, eller eit storstilt salmonella-utbrot ville føre til av lidingar og økonomiske tap.
Les også: Kjempar for laboratoriet på Høyland
Likevel er me vitne til ein urovekkjande debatt med utgangspunkt i at Veterinærinstituttet manglar 20 millionar kroner på budsjettet. Arbeidsplassar og tenester i Tromsø, Trondheim og Sandnes er sett i spel.
Slik kan me ikkje ha det. At ein slik debatt i det heile oppstår, gir grunn til å sette spørsmålsteikn ved styresmaktene si forståing av kva god beredskap er.
Noreg ligg i randsona for kor det er mogleg å produsera mat. Landet er sterkt avhengig av omverda for import av mat og fôr, så vel som av arbeidskraft. I tillegg til vår eiga globetrotting inneberer dette ein konstant risiko for smitte og sjukdomsutbrot hjå både planter, dyr og menneske. Veterinærinstituttet og Mattilsynet speler ei svært viktig rolle med førebygging, diagnostikk, beredskap og sjukdomshandtering. Alt i dag slit dei med å rekka over alle oppgåvene.
Samstundes er Noreg er eit av verdas rikaste land. 20 millionar kroner kan ikkje utgjera skilnaden mellom framleis tryggleik og katastrofe. Bondevennen meiner at både Veterinærinstituttet og Mattilsynet bør styrkast ved første høve, som er Revidert nasjonalbudsjett, og for all framtid.
Når tvilen om framtida for Veterinærinstituttet sine distriktsavdelingar først er sådd, er det oppmuntrande å sjå den kraftfulle og unisone motreaksjonen som har kome frå veterinærmiljøet, fylkesstyresmakter, NHO, LO, Bondelaget, Senterpartiet og Arbeiderpartiet. Dei forstår verdien av føreseielege rammevilkår for matproduksjon, helsestell og næringsliv.
Regjeringa seier dei gjer det. Me oppmodar dei til å gjera som dei seier.
Bothild Å. Nordsletten