Nestleiaren og støttespelaren: – Kona er min viktigaste støttespelar – ho er halvparten av meg, seier Jan Idar Haugen, om kona Kari Synnøve Velde Haugen.

I seks år har Jan Idar Haugen påverka landbrukspolitikken gjennom styret i Rogaland Bondelag. – Utruleg lærerikt og meiningsfullt, seier bonden, som no vil sleppe nye krefter til.

Liv Kristin Sola

Den avtroppande nestleiaren er oppteken av å oppretthalde landbruket i heile Rogaland – og i heile landet. Han meiner det må vere rom for deltidsbonden og mangesysleriet, men vil samstundes styrke heiltidsbonden i distrikta.

– Landbruket er bærebjelken i små bygdesamfunn og det må vere eit visst volum på produksjonen, også i distrikta. Det er viktig for å oppretthalde miljøet, leveranse- og servicetilbod til både heiltids- og deltidsprodusentar, seier Jan Idar.

Bonden treng betre rettsvern

Ei av oppgåvene Jan Ivar har hatt i Rogaland Bondelag, er å følgje opp bønder som får overtredelsesgebyr frå Mattilsynet og trekk i produksjonstilskot frå landbruksforvaltninga, som følgje av dyrevelferdssaker. Nestleiaren etterlyser høgare kompetanse og større forståing for bonden sin situasjon, både i Mattilsynet og i landbruksforvaltninga.

– Dei har kraftige verkemiddel. Litt vel kraftfulle, etter mi meining. Dei skal vite kva dei gjer når dei brukar dei. Litt meir varsemd og litt mindre prinsipp skulle eg nok sett i enkeltsaker.

På heimebane

Jan Idar Haugen og Kari Synnøve Velde Haugen overtok heimegarden til Jan Idar i 1993, berre 21 og 23 år gamle. Bruket som ligg i Austerheimbygda i Skjold i Rogaland,
har 65 mjølkekyr med påsett. Det er slaktegris, sau og ulike hobbydyr på garden. I 2007 gjekk dei i samdrift med fire passive deltakarar og flytte inn i nytt robotfjøs. Dei samarbeider med andre om grasproduksjonen.
Paret har fem barn mellom 13 og 23 år.
Kari Synnøve er lærar og Jan Idar har utdanning i økonomi og administrasjon. Begge har utdanning i Garden som pedagogisk ressurs, og i 2004 etablerte dei Inn på Tunet-tilbodet (IPT), Haugen Gard. I 2010 fekk dei BU-prisen for arbeidet dei gjer på garden, spesielt med IPT-bedrifta Haugen Gard.
Jan Idar held fram i Bondelaget sitt miljø- og kvalitetsutval eitt år til.

 

Han unnskylder ikkje dårleg dyrevelferd, ikkje på noko vis, men saknar betre rettsvern for bonden.

– Av og til har bonden rett, men dei har verken tid eller økonomi til å klage saka si inn for systemet. Det blir David mot Goliat, seier Jan Idar.

Han ønsker seg ei ny vurdering av regelverket og satsane for gebyr og trekk.

– 150.000 i bot gjer det ikkje enklare å investere i betre dyrevelferd. Straffa bør vere meir forholdsmessig, altså stå i stil med det saka gjeld, seier Jan Idar.

Produksjonen må tilpassast marknaden

I ei tid med stor overproduksjon, etterlyser Jan Idar gode verktøy for å regulere marknaden, men endå viktigare er det å tilpasse produksjonen til behovet.

– Eg trur me må leve med svingingar. Det opnar seg moglegheiter og bøndene har stor produksjonsvilje. Men me må lære å bremse i tide. Storfeproduksjonen er eit døme. Her er ikkje lenger rom for auka stimulering, seier Jan Idar.

Han meiner pris må nyttast som eit tydeleg signal for å unngå overproduksjon og innfrysing av kjøt på reguleringslager, ikkje som eit verkemiddel i ettertid, når alt har gått over styr.

Bondelaget for alle bønder

Jan Idar og kona leverer mjølk til Tine og slakt til Fatland. Dei har alltid levert til Fatland, det har vore naturleg på mange måtar.

– Som tillitsvalt i Bondelaget hadde eg nok vore meir innanfor om slaktet gjekk til samvirkebedrifta Nortura. Men mitt Bondelag, er ein organisasjon der alle kan vere medlem og gjere ein jobb som tillitsvald, uavhengig av kor ein leverer, seier Jan Idar.

Han meiner konkurranse kan vere positivt så lenge det kjem frå seriøse aktørar som vil bonden og landbruket vel. Det handlar om å forstå samvirket si rolle i verdikjeda og landbrukspolitikken.

– Eit sterkt samvirke er heilt avgjerande for å sikre marknadsordning og pris til bonden. Det må også bønder utanfor samvirke merka seg.

Bondelagsspagaten

– Bondelaget vert ofte skulda for ikkje å vere tydelege nok i mange spørsmål. Er det mogleg å gjere alle til lags?

– Me er oss sjølve nærast, og ønsker sjølvsagt at Bondelaget skal prioritere nett vår sak. Men me må heve oss over diskusjonane om kva som er rettferdig og heller unne andre litt godt. Alt er ulikt fordelt – til og med regnet, seier Jan Idar.

Nestleiaren meiner at nettopp solidaritet med andre sine utfordringar, er eit kvalitetsstempel i Bondelaget. Han helsar friske meiningsutvekslingar og krevjandedebattar internt i organisasjonen, velkommen, men meiner organisasjonen må stå samla i media, og i møte med styresmaktene og politikarar.

– Blir grasrota høyrt?

– Det er krevjande. Organisasjonen må klare å skape engasjement på grasrota, det er det som er Bondelaget sin styrke.

– Korleis fenge dei som ikkje oppfattar Bondelaget som sin organisasjon?

– Kjempeutfordring. Me må få fram den jobben som Bondelaget gjer kvar dag, heile året for bonden, og at Bondelaget faktisk er for alle.

Jan Idar innrømmer at han blir oppgitt når bønder som sit på gjerdet, meiner sterkt om enkeltsaker.

– Det er enkelt å trekke ei sak ut or samanhengen sin, men meir krevjande å sjå kompleksiteten, seier Jan Idar.

Korn og kraftfôrdilemma

– Jordbruksoppgjeret står snart for døra og med den tradisjonelle diskusjonen om korn og kraftfôr og bruk av norske ressursar. Er kraftfôret for billig?

– Nei, eg meiner det er feil politikk å auke kraftfôrprisen. Det aukar kostnadsnivået og svekker konkurransekrafta til norskprodusert mat. Teorien om at høg kraftfôrpris automatisk aukar produksjonen av grovfôr, er svært usikker, svarer Jan Idar.

– Me må sjå heile verdikjeda under eitt. Kornbonden må i større grad premierast for å produsere dei sortane som er etterspurt, til den kvaliteten som trengst i kraftfôrindustrien. Hugs at over 80 prosent av det norske kornet går til husdyra.

– I staden for å auke kraftfôrprisen må ein stimulere til auka grovfôravling. Med dagens regelverk kan ein drive areala svært ekstensivt og likevel få arealtilskot. Systemet må i større grad motivere til arealproduktivitet, seier Jan Idar.

Meir kunnskap

Klima, ressursbruk, trygg mat og dyrevelferd er tema som engasjerer unge heilt ned i barneskulen. Jan Idar trur tida er overmoden for at kunnskap om matproduksjon og dei komplekse samanhengane i landbruket får plass i skuleplanen.

– Det vert eit kjempeproblem at så få har innsikt i desse livsnødvendige biologiske prosessane. Det er for mykje propaganda og for lite kunnskap om dyrehald, miljø og klima, seier Jan Idar, og viser til at landbruk er infiltrert både i ernæring, helse, naturfag og samfunn.

Klima blir den store utfordringa og Jan Idar meiner landbruket er best tent med å sette seg i førarsetet. Forsking, avl, arealproduktivitet og ny teknologi vert viktig.

– Bondeyrket vil bli meir krevjande og unge bønder vil trenge meir utdanning og kunnskap. Neste generasjon vert heilt nøydd til å bli endå dyktigare bønder enn oss som driv i dag. Dei må gjere ting rett og vere dyktige driftsleiarar, meiner Jan Idar.

– Eg trur nok, dessverre, at fleire vil dette av lasset. Det er ingen menneskerett å vere bonde.