Overtok ei god drift: Alise og Joar Skadsem overtok eit moderne mjølkebruk. No skal dei sette sitt preg på garden, i lag med vesle Oline.
Alise og Joar Skadsem har mange planar for drifta. Lista er lang. Det dei gjer i dag, får konsekvensar for drifta i lang tid framover.
Liv Kristin Sola
Alise og Joar inviterer til mellemat. Bordet er dekka med heimebaka rundstykke, mjølk frå tanken, eggerøre og heimelaga syltetøy. Dei prioriterer ein pause midt på dagen - til å vere i lag. Også avløysarane vert invitert inn til mat og drøs. Dei er nøgd med dei tre ungdommane dei har i arbeid, og meiner det er viktig å engasjere ungdommen i landbruket. For Alise og Joar har foreininga Jæren Young Cowboys, vore ein viktig møteplass.
– Litt harry, tenkte Alise i starten, men engasjerte seg og vart positivt overraska - og ende til slutt i styret.
Bratt læringskurve
Alise og Joar har fem års erfaring som bønder, men kjenner seg ferske på mange område. Først var det overtaking, med papirarbeid og avgjersle som følgjer med. Med Oline med på laget, må dei sette seg inn i regelverk for avløysarordninga og permisjonar i landbruket.
Alise var lærarstudent då dei gifte seg og overtok. Ønsket om å bruke utdanninga gjorde at ho tok seg fulltids lærarjobb etter ferdig utdanning i 2017. Kveldar og helger vart nytta til fjøsstell og gardsarbeid. Ho styrer pengesekken og har ansvar for papirarbeidet. Slik har ho nok inntekt frå garden til å få permisjonspengar.
– Litt flaks, seier Alise, og tenker på permisjonsordningane i landbruket.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.