Ja, det er mogleg: Det er realisme i små fjøs, det skal dei no vise på Agder. Her frå fjøset til familien Hustoft i Rogaland, som har ein mjølkekvote på 68 tonn. Illustrasjonsfoto Bondevennen.
Omlegging av båsfjøs til lausdrift ser ut til å stagnere på Agder. No tek Tine og Fylkesmannen tak og inviterer til pilotprosjekt for mindre fjøs.
Liv Kristin Sola
Jonny Fjukstad, økonomirådgivar i Tine, gler seg over prosjektet og ser fram til å kome i gang.
– Innovasjon Norge har registrert færre søknadar til mjølkebruk i seinare tid. Det gir grunn til uro, seier Fjukstad til Bondevennen.
Tine og Fylkesmannen har felles interesse av at mjølkeproduksjonen vert oppretthalde i fylket og at bøndene er i stand til å fornye driftsapparatet.
– Vi treng å gjennomføre slike prosjekt for å få på plass døme på at det kan vere realistisk å gjennomføre bygging av mindre fjøs, seier Fjukstad.
Eit vegskilje
Også på Agder har volum vore ein sterk drivar i mjølkeproduksjonen. Kvoteprisane stig og tilgang til jord er ei utfordring. Mange av dei som har sett seg høve har alt investert og samstundes auka kvote og produksjon. Andre er avventande.
– Eg trur ikkje færre søknadar betyr mindre interesse. Sanninga er nok heller at mange har slått det frå seg som urealistisk då dei av ulike årsaker har sett det som vanskeleg å auke produksjonen, seier Fjukstad.
Inntil nyleg vart det gjerne sett på som eit risikoprosjekt å satse på få kyr. Sjølv om driftsplanen gjekk i hop, trur Fjukstad at mange frykta å miste produksjonstilskot i framtida til fordel for store bruk.
– Det har snudd. Optimismen for mindre bruk er aukande, seier Fjukstad.
I kukontroll |
Båsfjøs |
Båsfjøs stk |
|
Øst-Agder |
84 |
77 % |
65 |
Vest-Agder |
212 |
75 % |
160 |
Sum |
296 |
225 |
Tid for modernisering av mindre fjøs:
Framleis er 75 prosent av mjølkebruka i Vest-Agder og 77 prosent i Aust-Agder, båsfjøs. Kring 50 prosent av båsfjøsa har 15 kyr eller mindre.
Deltidsbønder og mangesysleri
– Vi har ofte teke for gitt at bønder som vil modernisere drifta automatisk også vil auke produksjonen og vere heiltidsbønder. Kan hende har vi tatt feil. Mykje tyder på at fleire enn før kan tenke seg å drive husdyrproduksjon på deltid. Robot gjer dette enklare, seier Fjukstad.
Prosjektet har som mål å vise at det er mogleg å få til kostnadseffektive bygg. Om bonden også får bra utteljing frå IN, kan hovudbrukar kanskje klare seg utan å spe på med andre inntekter.
– Er imek-seljarane interesserte i mindre prosjekt?
– Det er klart at det er lite ekstra å tene på små prosjekt som er ribba til beinet. Likevel kan dei tenke meirsal, om det er fleire i same område som vel å investere, oppmodar Fjukstad.
Stort spenn
IN har høve til å løyve inntil 35 prosent investeringsstøtte. Fjøs med mellom 15-30 kyr har dessutan ekstra prioritet, noko som aukar sjansen til å få god utteljing. Fjukstad minner likevel om at lengda på ønskeliste avgjer sluttsummen for eit prosjekt.
Svein Åge Vangdal i Tine Rådgiving, har rekna på ulike prosjekt til 20 kyr. Spennet varierer frå 2,9 millionar for eit reint mjølkefjøs, uisolert med brukt mjølkegrav, utan fôrsentral, til 7,1 millionar for isolert fjøs med kvigeoppdrett, ny mjølkerobot, spalter og kanalomrøring.
– Spennet er stort, men dei fleste hamnar midt mellom, meiner Fjukstad.
Tenk deg om ein gong til
Fjukstad oppmodar bønder som har avskrive moglegheitene til å modernisere driftsbygningen, til å tenke seg om ein gong til. Han håper neste generasjons mjølkeprodusentar sterkt vil vurdere å fornye driftsapparatet og halde fram med mjølkeproduksjon.
Fjukstad lover at dei gjennom prosjektet skal hjelpe bonden til å sjå på løysingar som er gode for drifta og som gjer at det går i hop økonomisk for familien på bruket.
Frå bås til lausdrift: Har du lagt lausdriftsplanane på is, er det no tid for å tenke seg om ein gong til.
Små mjølkefjøs på Agder
Tine SA og Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder inviterer mjølkeprodusentar i fylket til å delta i eit pilotprosjekt for satsing på små og mellomstore mjølkebruk. Prosjektet skal omfatte kring 15 bruk som vil legge om til lausdrift til mellom 15 og 30 kyr, enten ved å bygge nytt eller bygge om/på eksisterande bygg. Det kan gjerne vere bønder som vil satse på mangesysleri og deltidsbruk. Eit viktig mål for prosjektet er å synleggjere moglegheitene for å bygge rimelege bygg. Pilotbruka får tilbod om økonomi- og byggrådgiving til redusert pris.
Frist for å søke som pilotbruk er 18. februar. Tine og Fylkesmannen vil prioritere prosjekt som ligg innanfor den ønska buskapsstorleiken, og som har konkrete planar om å realisere prosjektet.
Interesserte er invitert til uforpliktande fagdag i Grimstad 6. februar og på Kvåstunet 7. februar. Frist for påmelding er 4. februar.