2019 er her, og det med potensielt store ting på gang for jordbruket.
I skrivande stund sit Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF i regjeringsforhandlingar. Kva retning landbrukspolitikken tek med ei eventuell ny regjering, er uvisst. Til no har KrF vore del av ein tydeleg landbrukspolitisk allianse i lag med opposisjonspartia på Stortinget. Framover avheng lagnaden til både landbruksmodell og marknadsregulering av korleis KrF spelar korta, og av kva krav dei får gjennomslag for.
I skuggen av regjeringsforhandlingane, men med vel så store konsekvensar for bøndene, skal staten og landbruket forhandla om ei friviljug klimaavtale for næringa. Ei arbeidsgruppe la før jul fram moglege tiltak for å kutta utsleppa frå jordbruket med fem millionar CO2-ekvivalentar, som er regjeringa sitt mål for næringa. Forslag om forbod mot nydyrking av myr og mindre kjøtkonsum vekkjer reaksjonar. Avtala skal vera på plass innan 1. april. Det er duka for fleire dragkampar innan den tid.
Dei påfølgjande jordbruksforhandlingane kan òg bli spanande. Bøndene tener framleis mindre enn andre grupper, driftskostnadane veks og overproduksjonen rir dei animalske produksjonane som ei mare. Med KrF ute av landbruksalliansen på Stortinget, kan det godt tenkjast at regjeringa freistar ei tøffare forhandlingslinje enn i fjor, då Jon Georg Dale la 800 millionar blanke budsjettkroner på bordet.
I Bondevennen sitt oppland på Sør- og Vestlandet kan fleire store saker skapa bølgjer i 2019. Bønder, grunneigarar, miljø- og jordvernforkjemparar følgjer nøye med på framdrifta for ny E39 og E18. Avklaring av trasé-val er nok etterlengta, men vissa om at det uansett ender med triumf for somme og tragedie for andre, gjer at det kviler eit tungt ubehag over dei nye vegane.
Fjorårets framlegg til ny gjødselvareforskrift skapar framleis uro i husdyrtette Rogaland. Framlegget har møtt sterk kritikk, og no kan det sjå ut til at forvaltinga tek kritikken inn over seg. Det har nemleg vore lite framgang i saka. Landbruksnæringa både i Rogaland og andre stader må likevel vera budd på nye utviklingstrekk i 2019.
Sist, men ikkje minst blant forhold med stor og prinsipiell konsekvens både for einskilde bønder og for landbruksnæringa, er lagnaden til den avviklingstruga pelsdyrnæringa. Fem pelsbønder gjekk nyleg til søksmål mot staten for å kjempa for det dei meiner er ein grunnlovsfesta rett til å tena til livets opphald gjennom lovleg arbeid og næring. Bondevennen ønskjer dei modige bøndene lukke til.
Landbruket i Rogaland har opplevd mykje negativ omtale i media det siste året, først og fremst grunna tilfelle av dårleg dyrevelferd. I november går stormessa Agrovisjon av stabelen. Det gir eit flott høve til å syne fram dei mange imponerande sidene ved matproduksjonen i fylket. Dette bør heile næringa utnytte kreativt.
Med andre ord: 2019 byr nok på oppturar – og mange krevjande oppgåver. Etter to år med både flaum og tørke kunne nok bøndene tenkt seg eit normalt år. Medan politikken kan påverkast, er det fint lite å gjera med vêret anna enn å håpe på det beste, og å tilpassa seg overraskingane som best ein kan.
Godt nytt år!
Bothild Å. Nordsletten