Teknisk mogleg, men politisk usannsynleg, seier ekspertane om utsiktene til å halda den globale oppvarminga til 1,5 grader.
I førre veke la FNs Klimapanel fram den rystande rapporten som stadfestar at me berre har 12 år på oss til å stabilisera temperaturauken på 1,5 grader. Berre ei halv grad meir enn dette, og risikoen for meir tørke, flaum og ekstremvarme aukar monaleg.
Klimapanelet hevdar det trengst «eineståande endringar» på alle samfunnsområde, dersom me skal klara utfordringa. 1,5 grader fordrar at me nullar ut CO2-utsleppa innan 2050. Det krev ei total omlegging av økonomien, kulturen – og landbruket.
El-bilar, bomringar eller plastsortering. Ingen av dei klimatiltaka som så langt er på blokka, utgjer «eineståande endringar». Folketalsvekst, industrialisering og standard økonomisk vekstideologi gjer at me styrer rakt mot ulevelege tre eller fire graders oppvarming innan slutten av dette hundreåret.
Det er på tide å innsjå at klimaslaget truleg er tapt. Ubehaget ved å endra måten me lever på ser ut til å plaga oss meir enn åtvaringane om den lagnaden barna våre kan koma til å lida. Me evnar ikkje å handla i tide for å unngå smellen. Det me ser no, er truleg slutten på verda, slik me kjenner henne. Det tyder likevel ikkje enden på verda, punktum.
Alvoret som FN-rapporten legg for dagen, manar til reel vilje til endring og handlekraft hjå kvar og ein av oss. Resignasjon er ikkje eit alternativ.
Norske bønder får for mykje klimamerksemd i forhold til deira del av dei totale, nasjonale utsleppa. Men medan landbruket må bli fossilfritt, kan det aldri bli heilt utsleppsfritt. Det bør omverda snart forstå. Bøndene skal og må produsera kjøt, mjølk og grønsaker også i framtida.
I lys av FN-rapporten må næringa likevel bu seg på både å debattera og endra produksjonsmetodane, for best mogleg klimatilpassing. Alle må bli med i snuoperasjonen som må starta no, sjølv om endringane smertar og kostar. I lengda vil endringsvegring smerta og kosta langt meir.
Tida for snikk-snakk og verbal skyttergravskrig er over. Punktum.
Bothild Å. Nordsletten