HØYR
Bonusar driv opp volumet
Slakteria let seg presse av dei store produsentane
Slakteria bruker store beløp på å sikre seg dei store smågrisprodusentane. – Slakteria styrer politikken, ikkje regjeringa eller faglaga, seier smågrisprodusent Gaute Aarbø.
Liv Kristin Sola
Aarbø er uroa over utviklinga i svinenæringa, og meiner slakteria må ta sin del av ansvaret for at smågrisvolumet berre aukar.
– I kampen om dei store produsentane har slakteria etablert gode bonusordningar som er svært produksjonsdrivande. Statlege tilskot vert småpengar samanlikna med bidraget frå slakteria.
Han meiner slakteria i praksis tvinger bøndene til å auke produksjonen og viser til at ein produsent med full konsesjon og 3000 smågris, får 100 kroner meir i puljetillegg og årsbonus per smågris, enn dei som har halvparten så mange purker og leverer 1500 smågris.
– Det er som om ein mjølkeprodusent med 500.000 liter skulle få ei krone meir per liter enn ein med 200.000.
– Om du produserer 2500 smågris, vert det freistande å auke produksjonen for å få full utteljing på tillegga. Med små grep og eingongspurker kan eg auke til 3000 smågris og få tre gonger så høge tillegg per dyr. Det hadde svart seg, sjølv om eg måtte kjøpe avlsdyr.
– Vil du alle tillegg til livs?
– Nei. Puljetillegg er ok opp til eit visst nivå, men bør stå i samsvar med det som slaktegrisprodusentane betaler til slakteriet. Årskvantumsbonusane er derimot ein rein bonus til fordel for dei store, men ein kostnad for slakteriet og fellesskapet. Hadde alle hatt same vilkår kunne dei fleste klart seg betre.
Aarbø meiner bonusordninga legg press på strukturen i svinenæringa, og minner om at 50-55 purker var lenge rekna som ein middels stor buskap. No vert også dei små.
– Produsentar som satsar fullt på eingongspurker, kan levere 10.000 smågris og auke innteninga med rundt ein million kroner, berre i tillegg og bonus.
– Kva skjer når dei små har bukka under?
– Distriktsgrisen vert historie. Konsesjonsregelverket slår sprekker og det blir krevjande tider også for dei store produsentane. I verste fall blir det avtaleproduksjon også på gris. Produksjonen kan bli konsentrert på få stader og store einingar, og næringa vil ikkje lenger bety noko politisk. Alle må klare seg sjølve, også mot import. Då blir også dei store små.
– Kva kan gjerast?
– Vanskeleg å seie. Slakteria let seg presse av dei store produsentane. Ordninga lever sitt liv utan at slakteria ser ut til å uroe seg. Sjefane kan både lese og skrive, og er garantert over gjennomsnittet flinke i rekning. Dei forstår både dei kortsiktige konsekvensane for den enkelte bonde, og dei langsiktige konsekvensane for næringa. Forsvinn grisen frå distrikta, kan det bety slutten på kontinuerleg drift for mange av slakteria.
– Ifølgje konkurransetilsynet er det ulovleg å lage ordningar som presser små aktørar ut av marknaden. Kan hende må dei inn og regulere dette – før det er for seint.